mini|3D-framstilling av sentriolar som viser triplettane. I cellebiologi er ein sentriol ein sylindrisk cellulær organell som hovudsakleg består av proteinet tubulin. Det finst sentriolar i dei fleste eukaryote celler, men dei finst ikkje hjå bartre (Pinophyta), dekkfrøplantar (angiosperma) og dei fleste soppar, og finst berre i mannlege kjønnsceller hjå kransalgar, mose, karplantar utan frø, konglepalmar og ginkgo-slekta.
Eit bunde par av sentriolar som er omgjeve av ein formlaus masse tett materiale kalla pericentriolært materiale (PCM), utgjer ein struktur kalla eit sentrosom.
Sentriolar består vanlegvis av ni sett med korte mikrotubule triplettar, arrangert i ein sylinder. Avvik frå denne strukturen finn ein hjå krabbar og Drosophila melanogaster-embryo, med ni dublettar, og Caenorhabditis elegans-spermceller og tidlege embryo, med ni singlettar. Andre protein er mellom anna centrin, cenexin og tektin.
Hovudfunksjonen til sentriolar er å produsera flimmerhår under interfase og aster og spindelen under celledeling. Dei har ei rolle i å organisera spindelapparatet og i avsluttinga av cytokinese.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sentriol» frå og « Centriole» frå , den 13. januar 2026.
Kategori:Celleanatomi