Igor Aleksejevitsj Malkov () er ein russisk tidlegare skeiserennar frå Pervouralsk som representerte Sovjetunionen. Han vart olympisk meister på 10 000 meter under Vinter-OL 1984 i Sarajevo, der han også tok sølv på 5 000-meteren.

Aktiv 28. desember 1983 fekk Malkov notert 13.54,8 på mila under eit stemne i Almaty. Tida var nær 29 sekund under den gjeldande verdsrekorden på distansen, ein rekord svenske Tomas Gustafson hadde sett. Tida vart ikkje godkjent som verdsrekord, ettersom stemnet ikkje var meldt ISU, derimot vart tida hans ståande som hans livsbeste på 10 000 m.

Under dei olympiske vinterleikane 1984 kom Malkov i fjerde par på 5000 meter i mål på tida 7.12,30, fattige to hundredels sekund bak Tomas Gustafson som i fyrste par fekk dagens beste tid. Seks dagar seinare, den 18. februar, starta Gustafson i andre par på 10 000 m og gjekk i mål til sluttid 14.39,95. I fjerde par kryssa Malkov målstreken på 14.39,90 og vann gullmedaljen. Siste helga i februar enda Malkov på åttandeplass i Skeise-VM i Göteborg, utan å vinne korkje langdistansane.

På Medeobana ved Almaty sletta Malkov den 24. mars 1984 verdsrekorden på 10 000 meter. Tida 14.21,5 stod som verdsrekord til Geir Karlstad i 1986 presterte 14.12,1 i Inzell. Malkov vart nummer 10 i Skeise-VM 1986, men nådde aldri opp til tidlegare nivå. Han la opp som aktiv i 1988.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Igor Malkov» frå , den 2. februar 2026.

Kategori:Sovjetiske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1984