Gerard Pieter Hendrik van Velde () er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar. Han vart i 2002 olympisk meister på 1000 meter.
Velde deltok i Vinter-OL 1992 i Albertville. Etter å ha vorte nummer 5 på 500 m, enda han på fjerdeplassen på 1000 meter. Med tida 1.14,93 var han då 0,01 sekund for seint ute til få ein medalje. I sprint-VM 1992 på Valle Hovin i Oslo vart han beste nederlendar på sjetteplass. Under Lillehammer-OL vart han som best nummer 9 på 1000 m.
Velde sleit med å venne seg til dei nye klappskeisene. I dei største stemna måtte han ofte sjå seg slått av fleire løparar enn før. Vinteren 2001 viste han framgang då han vart sjuandemann i sprint-verdsmeisterskapen. Under Vinter-OL i 2002 i Salt Lake City sette han verdsrekord på 1000 meter med tida 1.07,18 og tok ein etterlengta gullmedalje, framom landsmannen Jan Bos. Vinteren 2003 vann Velde sølvmedaljen i verdsmeisterskapen i sprint, og han vart andremann på 1000 m i VM enkeltdistansar. Han var aktiv på skeisebanen til 2008.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gerard van Velde» frå , den 15. mars 2026.
Kategori:Nederlandske skeiseløparar Kategori:Nederlandske syklistar Kategori:Olympiske meistrar for Nederland Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2002