Sabine Völker () er ein tysk tidlegare skeiserennar frå Erfurt.
Völker vart nummer 5 i sprint-VM 1993, nummer 4 i sprint-VM 1995 og nummer 3 i VM enkeltdistansar 1997 på 500 meter. Vinteren 1998 vann ho sølvmedaljen ved Skeise-VM 1998 i sprint-firkamp, medan ho i dei olympiske leikane i Nagano som best vart nummer 4 på 1000 meter. I 1999 vart ho bronsemedaljør ved sprint-VM i Calgary.
Ved VM enkeltdistansar 2001 tok Völker bronsen på 1000 m. 2002-sesongen sette ho verdsrekord på 1000 meter og ho vann verdscupen for 500/1000 m. Frå Vinter-OL 2002 i Salt Lake City reiste ho med tre olympiske medaljar: sølv på 1000 og 1500 meter og bronse på 500 meter. Tre år etter sikra ho seg bronsemedaljen i Skeise-VM 2005 i sprint-firkamp. Seinare i same sesongen vann ho VM-gull i lagtempo saman med Daniela Anschütz og Anni Friesinger ved VM enkeltdistansar i Inzell. Under Vinter-OL 2006 i Torino bidrog Völker til at Tyskland fekk gull i lagtempo, men fekk sjølv ikkje gå finaleløpet. Ho la opp ved sesongslutt.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sabine Völker» frå , den 17. mars 2026.
Kategori:Tyske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Enkeltdistanse