Ulrich Møller () er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Molde. Han vart i 1994 noregsmeister med Molde Fotballklubb. Møller var midtstoppar.

Karriere Klubbspel Møller var aktiv på Molde FK sitt lag frå 1980 til 1994. Han var med då klubben i 1982 for fyrste gong tok seg til cupfinale, ein kamp som enda med tap mot SK Brann. Hausten 1987 tapte Møller og Molde den siste og avgjerande kampen i norsk 1. divisjon mot Moss FK, som vart seriemeister framom Molde. I 1989 deltok Møller i sin andre cupfinale. Etter fyrst uavgjort 2–2 mot Viking FK, tapte Molde omkampen 1–2. Fem år seinare, og i sin siste kamp, var Møller kaptein då slo Lyn i cupfinalen med siffera 3–2 og Molde FK tok sin fyrste kongepokal. Møller spelte 303 seriekampar og skåra 7 mål.

Landslagsspel Hausten 1987 fekk Møller delta i 2 av Noregs landkampar i EM-kvalifisering. Han var innbytar då det vart tap mot Island på Ullevål stadion, tap vart det også mot Aust-Tyskland i Magdeburg.

Kjelder

eu-football Denne artikkelen bygger på «Ulrich Møller» frå , den 31. mars 2026.

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Molde-spelarar