Gudbrand Bernhardsen Tandberg () var ein norsk gardbrukar, skogeigar og politikar frå Nes i Buskerud. Han representerte valkrinsen Buskerud og partiet Høgre i Stortinget frå 1945 til han døydde. Bernhard Tandberg var far hans.
Gudbrand Tandberg gjekk både gymnas, handelsskule, vinterlandbruksskule og skogskule. I 1926 kjøpte han den store skoggarden Jørgenmoen i Nes. Han engasjerte seg for skogbruket og var ei tid nestformann i Buskerud skogselskap. I samarbeid med Norges Skogeierforbund var han ein pådrivar for å få innført ein investeringsavgift for skogstell, ein forløpar til skogfondordninga.
Tandberg kom med i kommunepolitikken i Nes før i 1930-åra og fekk plass i formannskapet. I 1945 vart han vald inn på Stortinget, som representant for Buskerud samlingsparti i listeforbund med Bondepartiet. På Tinget var han medlem i Skog- og vassdragskomitéen. Saman med Alv Kjøs og Sverre Hope var han ein av dei tre fremste talsmennene for landbruket i partiet si stortingsgruppe.
Før Stortinget avslutta vårsesjonen i 1949, døydde Gudbrand Tandberg på Rikshospitalet i Oslo.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Lokalpolitikarar i Nesbyen Kategori:Høgrepolitikarar i Buskerud Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Nes i Buskerud