Bison (Bison bison), av mange òg kalla amerikansk bison, er eit stort oksedyr(Bovinae) som er endemisk for Nord-Amerika, der arten overlever gjennom to underartar. Nominatforma blir kalla slettebison, medan den andre blir kalla skogbison.
Bison er det største nolevande landpattedyr i Nord-Amerika. Arten var tidlegare utbreidd i eit belt som strekte seg langs dei store slettene, frå Mexico i sør til Canada i nord. I 2003 bestod habitatet av små, fragmenterte landområde. Rundt år 1800 var bestanden av bison rundt 60 millionar individ i Nord-Amerika, men i 1884 skal det ha vore færre enn 100 ville individ att.
Biologi Bison er enorme kvegdyr. I Nord-Amerika finst det to typar: skogbison og slettebison. Slettebison (oksen) blir ikkje like tung som skogbison.José R. Castelló. Bovids of the World: Antelopes, Gazelles, Cattle, Goats, Sheep, and Relatives. Princeton University Press, 12. apr. 2016 - 620–623 sider. ISBN 9781400880652 Oksane har ei kroppslengd på cirka 300–380 cm og veg 460–998 kg (slettebison veg 600–860 kg), medan kyrne har ei kroppslengd på cirka 210–350 cm og veg typisk cirka 360–550 . Oksane har ei skulderhøgd på cirka 167–195 cm, medan kyrne typisk måler cirka 150–180 cm. Visent (europeisk bison) er altså marginalt større enn begge dei to amerikanske typane.
Bison har ein særleg raggete framdel, inkludert nedover framlemmene. Vinterpelsen er tjukk og isolerande, medan sommarpelsen er lettare og lysare. Slettebison har tjukkare vinterpels enn skogbison, og har noko lengre skjegg og tjukkare man.
Bison parar seg i august og september og får ein kalv som held saman med mora i eit år. Bison blir frå 20 til 30 år i naturen, men i fangenskap kan dei bli 30 til 50 år. På grunn av storleiken og styrken har ikkje arten mange naturlege fiendar, men grizzlybjørn og ulveflokkar kan prøva seg mot kalvar, sjølv om dette sjeldan skjer om sommaren fordi då har bisonane som regel nok energi og styrke til å springa frå rovdyr. Dette er annleis om vinteren, då dei må spara på energien, og det har hendt at ulveflokkar nettopp på denne årstida har teke fullvaksne bisonar.
Systematikk Den interne systematikken i slekta Bos følgjer Sinding et al.. (2021).
Den store nedslaktinga Den amerikanske bisonen har i uminnelege tider vore ein økologisk faktor ved påverknad av miljøet på dei store slettene fordi dei åt så mykje gras. Grasbrann som blei starta av menneske som skulle jakta, blei ikkje så omfattande på grunn av beitinga til bisonen.
Bisonen var ein viktig næringsressurs for prærieindianarane, som nytta dyret til både mat og reiskapar. Då indianarane lærte å temma hestar på midten av 1700-talet, flytta mange stammar ut på prærien for å leva av å jakta bison. Jakttrykket frå dei lokale stammane var likevel framleis berekraftig.
Frå 1860-åra byrja profesjonelle jegerar å jakta bison for å vinna ut skinnet deira. Jakta blei nærast «fabrikkmessig», siden hud av bison var blitt svært ettertrakta. Medan skinet blei flådd av og tunga skoren ut som ein delikatesse, blei resten av skrotten liggande igjen og rotna. I den mest ekstreme perioden på slutten av 1870-åra blei det drepe mellom 2 000 og 10 000 dyr kvar dag. Den mest kjende jegaren var William Cody, også kjend som Buffalo Bill. Han skrøyt av bedriftene sine og påstod at han hadde slakta ned hundrevis av «bøflar» på ein dag.
Store delar av prærien var dekke av rotnande skrottar og kvitnande beinrestar. Det hadde vore eit uttalt mål for dei amerikanske styresmaktene å utrydda bisonen, sidan det var den mest effektive måten å knusa indianarane på. Jernbanelinene som blei bygd tvers over Nord-Amerika følgde gjerne gamle bisontråkk, og passasjerane blei utstyrt med gevær for at dei kunne mora seg med å skyta bison, som heldt fram med å trekka langs dei gamle tråkka. Berre nokre få bison overlevde nedslaktinga, og desse dyra blei grunnlaget for dagens 350 000 individ.
Oppdrett I 1899 kjøpte James «Scotty» Philip opp fem levande bisonkalvar, som blei fanga inn i samband med den siste store bisonjakta langs Grand River i 1881. Målet hans var å redda arten. «Scotty» døydde i 1911, berre 53 år gammal. Då hadde han klart å bygga opp ein bestand på 1 000–1 200 dyr. Det blei grunnlagt fleire private bestandar , truleg med utspring i dyra til Scotty.
Oppdrett av bison for kjøt og skinn var blitt vanleg på 2000-talet. Over 250 000 av dei 350 000 individa som finst blir ala opp for dette føremålet. Bisonkjøt har lågt innhald av kolesterol og feitt, og har dermed blitt svært populært. Faktisk blei heile 35 000 individ slakta for kjøttet sitt i 2005, men bestanden er stabil og svakt aukande.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Amerikansk bison» frå , den 13. mai 2026. oppgav desse kjeldene:
National Geographic: American Bison Besøkte 6. april 2015 IUCN Red List of Threatened Species: Bison bison (American Bison) Besøkte 6. . april 2015 National Wildlife Federation (USA): Bison oktober 2015 ved Wayback Machine. Besøkte 6. april 2015
Bakgrunnsstoff
Kategori:Pattedyr i USA Kategori:Pattedyr i Canada Kategori:Kvegdyr