Infobric er eit svensk programvareselskap som leverer digitale løysingar til byggje- og anleggsnæringa. Selskapet er særleg kjent for system for innpassering, nærværsregistrering og oppfølging av personell på byggjeplassar. Det vart grunnlagt i Jönköping i 2004

Historie Føretaket vart grunnlagt i 2004 under namnet SafeTool. I 2010 skifta det namn til Infobric og byrja å ekspandere i Norden. I 2016 vart det innført krav om elektroniske personalliggjarar på svenske byggjeplassar. Dette førte til auka etterspurnad etter digitale løysingar for nærværsregistrering og bidrog til vidare vekst for selskapet.

Gjennom ei rekkje oppkjøp og satsingar har føretaket utvida verksemda si til fleire bransjar.

Frå 2019 har Infobric gjennomført ei rekkje oppkjøp som har utvida verksemda i Norden og andre europeiske marknader. I 2019 kjøpte selskapet dei norske verksemdene Tempus AS, Gressmanager og BlastManager AS. I 2020 gjennomførte Infobric fleire oppkjøp, mellom anna BuildSafe, TelliQ, EquipmentLoop og HMSREG. I 2021 kjøpte selskapet AddMobile og den britiske verksemda MSite. I 2023 heldt ekspansjonen fram gjennom oppkjøpa av Hyrma, Intershare, Örndata, AppSys Rent og JobSafe. Oppkjøpa har bidrege til å utvide konsernet sitt tilbod innan digitale løysingar for byggje- og anleggsnæringa, arbeidsstyring, utleige og arbeidsplassadministrasjon.

Verksemd Infobric utviklar programvareløysingar for:

Tilgangskontroll og identitetsforvaltning Elektroniske personallister og nærværsregistrering Digitalisering av byggje- og anleggsprosessar HMS-, kompetanse- og samsvarsløysingar Maskin-, ressurs- og flåteforvaltning Elektroniske køyrebøker og administrasjon av køyretøy Utleigeadministrasjon og ressursplanlegging Førehandsmelding og kontroll av underleverandørar

Selskapet har hovudkontor i Jönköping og kontor i Stockholm, Göteborg, Malmö, Arboga, Karlskrona, Sölvesborg, Oslo, Kristiansand og Liverpool. Verksemda vert driven i Sverige, Noreg og Storbritannia.

Administrerande direktør er Dan Friberg. Største eigar er Stirling Square Capital.

Kjelder

Skatteverket. «Personalliggare, byggbranschen». Henta 6. januar 2025.

NCC og Infobric utviklar den digitale tenesta UE-kedja for tryggare byggjeplassar». NCC. Henta 4. februar 2025.

Allabolag.se. «Infobric AB (556646-2940)». Henta 9. oktober 2025.

Dagens Industri. «Digitaliserar byggbranschen – säljs i miljardaffär» Henta 4. februar 2025.

Bygg.no. «Intershare solgt til Infobric»

Anlegg & Transport. «Infobric kjøper BlastManager AS»

Finansavisen. «Dan Friberg i Infobric har Summa Equity som største eigar»

TechWatch. «Transaksjonar»

Denne artikkelen bygger på «Infobric» frå , den 16. juni 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Construction Technology