Kerry Dennis O’Brien () var ein australsk friidrettsutøvar frå Port Augusta i Sør-Australia som i 1970 sette verdsrekord i 3 000 meter hinderløp.

I august 1966 kom O’Brien på andreplass på 3 000 m hinder ved dei britiske samveldeleikane i Kingston på Jamaica. Fire månader seinare sette han australsk rekord med 8.29,0 i eit stemne i Adelaide, 2,6 sekund bakom verdsrekorden til Gaston Roelants. Under dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico by vart O’Brien fjerdemann i hinderløpet på 8.52,0, eitt sekund etter vinnaren.

Den 4. juli 1970 i Vest-Berlin forbetra O’Brien verdsrekorden med to tidels sekund til 8.22,0. To og ei halv veke etter leia han hinderløpet under samveldeleikane i Edinburgh då han fall i vassgrava på nest siste runde og braut løpet. I Sommar-OL 1972 i München mista han eine skoen på sisterunden i forsøket og gav opp.

Åra 1966 til 1973 vann O’Brien sju australske meisterskap i 3 000 meter hinder.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kerry O'Brien (athlete)» frå , den 29. juni 2026.

Kategori:Hinderløparar Kategori:Australske langdistanseløparar Kategori:Australske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Australske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972