Volmari Fritijof Iso-Hollo () var ein finsk friidrettsutøvar som vart olympisk meister i 3 000 meter hinder i 1932 og 1936.
Aktiv Iso-Hollo byrja trene løping under militærtenesta. Han deltok på alle distansar mellom 400 meter og maraton. I 1928 sigra han både på 3 000 og 5 000 meter ved spartakiaden i Moskva.
Iso-Hollo vann sine fyrste olympiske medaljar i Los Angeles i 1932. Den 31. juli fylgde han Janusz Kusociński frå Polen hakk i hæl på 10000-meteren og vart løna med ein sølvmedalje. To dagar seinare var Iso-Hollo suverent best av alle på 3 000 meter hinder. Han kan ha sprunge på ei tid som ville gjeve han verdsrekorden i øvinga, men løpsarrangørane gjekk amok då dei telte rundar, den offisielle rundeteljaren var oppteken med å sjå på stavhopp i tikampen og gløymde å ringe før siste runde for Iso-Hollo. Iso-Hollo enda opp med å springe 3 460 meter, før han vann gullmedaljen.
Sommaren 1933 i Lahti sette Iso-Hollo verdsrekord på 3 000 meter hinder med tida 9.09,4. I Friidrettslandskampen Noreg–Finland 1933 på Bislett stadion i Oslo sigra han på 1500 meter.
Under Sommar-OL 1936 i Berlin innfridde han favorittstempelet og forbetra samstundes verdsrekorden til 9.03,8. På 10 000-meteren sikra han seg bronsemedaljen i løpet og finsk storeslem.
Etter 1936 var Iso-Hollo plaga av revmatisme, men heldt fram å tevle til 1945. Gjennom åra vart han finsk meister i 1932 og 1936 i terrengeløp, i 1933 på 5 000 meter og i 1936 på 3 000 meter hinder.
Til minne om Iso-Hollo er det i Kerava reist ein statue. Årleg vert det skipa til eit friidrettsstemne i hans namn.
Kjelder
World Athletics Denne artikkelen bygger på «Volmari Iso-Hollo» frå , den 2. juli 2026.
Kategori:Finske langdistanseløparar Kategori:Finske mellomdistanseløparar Kategori:Finske hinderløparar Kategori:Olympiske meistrar for Finland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Finland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Finland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1932 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1932 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1932 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1936