Sondre Klingen Langås () er ein norsk fotballspelar frå Namsos som sidan 2025 gjer teneste i den engelske fortballklubben Derby County. Midtstopparen hadde per 1. juli 2026 delteke i 4 av Noregs landskampar.
Karriere Klubbspel Langås var ei tid aktiv i Namsos IL. Sommaren 2020 tok han til å spele for Ranheim IL sitt fotballag. Mellombels spelte han 3 kampar for IL Stjørdals-Blink hausten 2020. I juli 2023 gjekk Langås vidare frå Ranheim til det norske topplaget Viking FK, der han markerte seg i midtforsvaret. 1. februar 2025 vart han overført Derby County for spel på nivå 2 i det engelske seriesystemet.
Landslagsspel Langås fekk sin landslagsdebut 9. september 2024 då han, på tampen av Nations League-kampen mot Austerrike, kom innpå i staden for Alexander Sørloth og berga ein 2–1-siger. Langås var med i den norske troppa til VM i fotball 2026. Han kom i spel som innbytar då Noreg tapte for Frankrike i Foxborough den 26. juni 2026.
Kjelder eu-football
Denne artikkelen bygger på «Sondre Langås» frå , den 11. juli 2026.
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Viking-spelarar Kategori:Ranheim-spelarar Kategori:Derby-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026 Kategori:Folk frå Namsos