Ivano Brugnetti () er ein italiensk tidlegare kappgjengar frå Milano som i 2004 vart olympisk meister i 20 kilometer kappgang.

Aktiv Brugnetti forbetra bestenoteringa si i 50 km kappgang til 3.47.54 under VM i friidrett 1999 i Sevilla. Denne prestasjonen gav han andreplassen i tevlinga, bak German Skurygin frå Russland. Meir enn to år etter verdsmeisterskapen kunngjorde Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) i november 2001 at det forbodne stoffet gonadotropin var påvist i ei urinprøve frå russaren. Skurygin vart frådømt gullmedaljen frå Sevilla, og Brugnetti utropt til verdsmeister.

Under dei olympiske leikane i Aten i 2004 lukkast Brugnetti vinne gullmedaljen i 20 km kappgang. Tevlinga vart avvikla under sterk heite med temperaturar opp imot 40 grader Celsius. Noko overraskande vann han over favoritten, den regjerande europameisteren Francisco Javier Fernández frå Spania vart slått med einast 5 sekund.

Brugnetti var aktiv til 2010.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ivano Brugnetti» frå , den 29. juli 2026.

Kategori:Italienske kappgjengarar Kategori:Folk frå Milano Kategori:Olympiske meistrar for Italia Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Italia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2004