miniatyr|Brian Michael Smith, amerikansk transmann og skodespelar.
Transmann er ein transperson med mannleg kjønnsidentitet. Dei blir registrerte som jenter ved fødsel, men opplever sjølv å tilhøyra den mannlege kjønnskategorien. Transmenn har kjønnsinkongruens, som er manglande samsvar mellom fødselskjønn og kjønnsidentitet. Mange opplever i tillegg kjønnsdysfori, som er ubehag knytte til tilstanden av kjønnsinkongruens.
Å vera transmann er uavhengig av seksuell orientering. Transmenn kan identifisera seg som heterofile (tiltrekking til kvinner), homofile (tiltrekking til menn), bifile (tiltrekking til både menn og kvinner), aseksuelle (mangel på tiltrekking), eller på andre måtar, eller velja å ikkje kategorisera den seksuelle orienteringa si.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Transmann» frå , den 24. august 2026.