Christoph von Schmid () var ein tysk pedagog og forfattar av barnebøker frå Dinkelsbühl i Bayern. Forteljingane hans var svært populære og er omsett til mange språk.
Liv Schmid studerte teologi og vart i 1791 ordinert til prest i den katolske kyrkja. Deretter var han assistent i fleire meinigheiter fram til 1796, då han vart sett til leiar av ein skule i Thannhausen der han underviste i tjue år. Her byrja han å skrive bøker for born med mål om å lære dei kristne verdiar.
Schmids fyrste verk var ei bibelsoge for born. Sidan skreiv han mange forteljingar med pedagogiske mål. Sogene handlar ofte om hendingar som skiplar lukka for gode menneske, og som Guds rettferd ordnar opp med. Forfattaren ville vekke ein livsnær gudshug i dei unge lesarane. Schmid skreiv også dikt som er spreidd her og der i bøkene.
Frå 1816 til 1826 var Schmid sokneprest ved Oberstadion i Württemberg. I 1826 vart han utnemnd til kannik ved domkyrkja i Augsburg. 87 år gammal døydde han der av kolera.
Fleire av Schmid sine viktigaste verk er omsett til norsk. Den fyrste boka kom i 1841, med Peter Christen Asbjørnsen som utgjevar. Seinare omsette Asbjørnsen Genoveva frå Brabant, som kom i fire opplag i tida 1851–78. Den særs populære forteljinga Påskeggene vart utgjeven saman med to andre forteljingar i eitt og same bandet i 1861. Blomsterkurven kom på norsk så seint som i 1932.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Christoph von Schmid» frå , den 18. september 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Tyske pedagogar Kategori:Folk frå Bayern