Periferieininga Lárisa (gresk Περιφερειακή ενότητα Λαρίσας, Periferiakí enótita Larísas) er ei periferieining i Hellas i periferien Thessalía. Hovudstaden i periferieininga er byen Lárisa. Periferieininga vart oppretta som eit prefektur i 1881 etter krigen då Thessalía vart ein del av Hellas. Fram til 1947 inkluderte prefekturet Magnisía.
Administrativ inndeling
Tidlegare var Lárisa eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i sju kommunar.
Periferieining Kommune Tidlegarekommune Postnummer Retningsnr Lárisa Elassóna Elassóna 402 00 24930-2 Livádi 400 02 24930-41 Andikhásia 400 01 24930-51 Ólymbos 40200 24930-61 Potamiá 401 00 24920-91 Sarandáporo 402 00 24930-93 Verdikoúsa 400 05 24920-81 Karyá 402 00 24920-91 Tsaritsáni 402 00 Týrnavos Týrnavos 401 00 24920-2 Ambelónas 404 00 24920-31 Témbi Káto Ólymbos 400 07 24950-4 Makrykhóri 400 06 24950-2 Gónni 400 04 24950-31 Néssonas 400 06 24950-51 Ambelákia 400 04 24950-93 Ajá Ajá 400 03 24940-2 Lakéria 400 03 24940-71 Evryménes 400 07 24950-91 Melívia 400 03 24940-51 Lárisa Lárisa 410 til 414 2410 - 2 til 6 Jánnouli 415 00 2410-59 Kiláda 415 00 2410-81 Kilelér Kilelér 415 00 2410-73 Níkea 415 00 2410-9 Krannónas 415 00 2410-75 Platýkambos 400 09 2410-54 og 97 Arménio 415 00 2410-7 Fársala Fársala 403 00 24910-2 Enippéas 403 00 24910-71 Nartháki 403 00 24910-93 Polydámandas 403 00 24910-9
Geografi Lárisa er den nest største periferieininga i Hellas, og berre Etoloakarnanía er større. I Lárisa ligg mellom anna Témbidalen og den nordaustlege delen av elva Piniós. Det høgaste fjellet i Hellas, Ólymbos, ligg delvis i periferieininga og har ei høgd på 2 917 moh. Klimaet er meir kontinentalt enn nokon annan stad i Hellas, men lågareliggande område har middelhavsklima med tørre og varme somrar og milde til kjølige vintrar. Temperaturrekorden i periferieininga er 45,2 °C på det varmaste og -21,6 °C på det kaldaste. Lárisa er ofte det varmaste området i Hellas om sommaren, og det kaldaste om vinteren.
Det grensar til Kozáni i nordvest, Piería i nordaust (begge i Makedonia), Egearhavet i aust, Magnisía i søraust, Fthiótida i sør, Kardítsa i sørvest og Tríkala i vest. Sørlege, nordlege og nordvestlege område er skogkledd, medan Den thessaliske sletta dekkjer sentrale område.
Historie Området rundt Lárisa var heimstad til pelasgianarane fram til det vart ein del av gresk kultur. Området vart invadert og styrt av Kongedømet Makedonia eit par hundreår seinare. Etter kvart tok Romarriket over etter den tredje makedonske krigen og mykje seinare vart det ein del av Austromarriket. På 1400-talet erobra Det osmanske riket området. Under den greske sjølvstendekrigen i 1821 prøvde grekarane å frigje området, men dei vart verande under osmanarane. Først i 1881 vart Lárisa og resten av Thessalía ein del av Hellas. Dei nordlege områda, inkludert Týrnavos, Elassóna, Sarandáporo, Témbidalen og Ólymbos vart ikkje invadert før balkankrigane i 1913. Eit av dei mest kjende slaga i krigane var slaget ved Sarandáporo der grekarane slo tyrkarane og enda femhundre år med tyrkisk undertrykking. Heile periferieininga vart då omsider gresk.
Under den gresk-tyrkiske krigen i 1920-1922 kom flyktningar til periferieininga og danna fleire landsbyar her. Nokre av desse voks opp til å verte byar.
Klima
Periferieininga har hovudsakleg middelhavsklima med varme somrar og milde vintrar. Temperert klima finn ein i høgareliggande område, og i fjella er det vanleg med snø om vinteren.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferieininga er: Tettstad Kommune Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Lárisa Lárisa 144 651 146 377 Týrnavos Týrnavos 11 069 10 027 Fársala Fársala 9 298 8 978 Jánnouli Lárisa 7 885 8 160 Elassóna Elassóna 7 338 7 182 Ambelónas Týrnavos 6 083 5 590 Fálanna Lárisa 3 987 3 823 Níkea Kilelér 3 876 3 332 Ajá Ajá 3 169 3 013 Livádi Elassóna 2 244 2 079 Terpsithéa Lárisa 1 992 1 967 Sykoúrio Témbi 2 316 1 883 Gónni Témbi 1 909 1 682 Platýkambos Kilelér 1 804 1 603 Makrykhóri Témbi 1 615 1 591 Khálki Kilelér 1 805 1 554 Tsaritsáni Elassóna 2 040 1 519 Pyrjetós Témbi 1 463 1 373 Kranéa Elassóna 2 691 1 346 Argyropoúli Týrnavos 1 667 1 302 Damási Týrnavos 1 380 1 164 Kritíri Týrnavos 1 415 1 096 Verdikoúsa Elassóna 1 812 1 038 Galíni Kilelér 1 030 952
Referansar
Kjelde
Larisa
Larisa Larisa