Pereslavl-Zalesskij (russisk Пересла́вль-Зале́сский – tyder «Pereslavl, som ligg bak skogane»), er ein by i Jaroslavl oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Byen er mest kjend som fødestaden til den russiske mellomalderhelten Aleksandr Nevskij og er ein del av den gylne sirkelen rundt Moskva. Pereslavl-Zalesskij har fleire vakre bygningar og kloster frå mellomalderen og hundreåra etter. Murane som omkransa byen i mellomalderen er synlege fleire stader. Like utanfor byen ligg ein av dei fyrste båtane Peter den store bygde for å lære seg skipsbygging.

Historie Pereslavl-Zalesskij vart grunnlagd i 1152 av Fyrst Jurij Dolgorukij som ein prosjektert hovudstad for Zalesje. I tida mellom 1175 og 1302 var byen senter for Fyrstedømet Pereslavl (Zalesskij). I 1302 vart byen ein del av Storfyrstedømet Moskva. Pereslavl-Zalesskij vart øydelagd fleire gonger av mongolane frå midten av 1200-talet til tidleg på 1400-talet. 1611–1612 vart byen igjen øydelagd under den polske invasjonen.

Attraksjonar Pereslavl-Zalesskij er kjend for sine historiske bygninger, mellom anna:

Spaso-Preobrazjenskij katedralen i kvit stein (1152–1157) Metropolitten Peters kyrkje (1585) Troitse-Danilov klosteret (1500- til 1700-talet) Nikitskijklosteret (1500- til 1800-talet) Feodorovskijklosteret (1500- til 1800-talet) Goritskijklosteret (1600- til 1700-tallt).

Byen husar òg Institutt for Programsystemer, som er underlagt Det russiske vitskapsakademiet.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Den gylne sirkelen i Russland Kategori:Busetnader grunnlagde på 1100-talet