Gostivar (makedonsk Гостивар; albansk Gostivari) er ein by og ein kommune i den øvre Pologdalen i regionen Polog i Nord-Makedonia. Den noverande kommunen vart oppretta i 2002 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Gostivar, Dolna Banjitsa, Vrutok, Srbinovo og Tsjegrane. Samstundes vart busetnaden overført frå den tidlegare kommunen Oslomej og frå Mavrovi Anovi.
Kommunen hadde 59 770 innbyggjarar ved folketeljinga i 2021, medan sjølve byen hadde 33 814 innbyggjarar.
Gostivar ligg ved foten av fjellet Šar Planina og elva Vardar renn gjennom byen. Byen har gode bil- og jernbanesamband til Tetovo, Skopje, Kitsjevo, Ohrid, og Debar. Ein moderne motorveg vart bygd i 1995 frå Gostivar til Tetovo.
Klokketårnet i byen er eit av dei viktigaste monumenta her, og vart bygd av osmanarane i 1566. Moskéen Beg Mahala vart bygd i 1688 av Ebu Bekir, sonen til pasja Kara Mustafa.
Busetnader i kommunen Dei største busetnadene i kommunen var i 2002: Busetnad Folketal 2002Folketeljing 2002, detaljerte resultat Folketal 2021 Gostivar 35 847 33 814 Tsjegrane 6 748 4 022 Gorna Banjitsa 4 423 3 436 Dolna Banjitsa 4 356 3 138 Debresje 4 847 2 859 Forino 4 652 2 809 Balin Dol 2 501 2 059 Zdunje 2 140 1 410 Tsjajle 3 070 1 236 Belovisjte 2 267 1 208 1 615 1 116 1 054 683 Vrutok 1 127 640
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gostivar» frå , den 2. februar 2008.
Referansar
Kategori:Byar i Nord-Makedonia Kategori:Kommunar i Nord-Makedonia Kategori:Busetnader i Statistisk region Polog