Bolsjaja Koksjaga (russisk Большая Кокшага; marisk Кугу Какшан, Kugu Kakšan) er ei elv i Kirov oblast og Mari El i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 297 km lang og har eit nedslagsfelt på . Elva tilførsel av vatn frå snø og regn, og frå november til april er elva vanlegvis islagd.
Elva spring ut frå barskogane i Kirov oblast der området er tynt folkesett av russarar og marifolket. Dei største busetjingane ved Koksjaga er Kiknur og Santsjursk i Kirov oblast. I Mari El renn elva gjennom Marisenkinga, der ein finn blandingsskog og myrområde. Her finn ein òg Bolsjaja Koksjaga-reservatet. Bolsjaja Koksjaga renn òg gjennom Kujbysjev-reservoaret, og så ut i Volga nær Koksjaisk i Mari El.
Den største sideelva til Bolsjaja Koksjaga er Bolsjoj Kundysj.
Rafting Rafting er populært på Bolsjaja Koksjaga om våren frå april til mai. Om sommaren vert elva grunn og blokkert av tømmerstokkar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bolshaya Kokshaga River» frå , den 27. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Kirov oblast Kategori:Elvar i Mari El Kategori:Sideelvar til Volga