Tibetansk er eit språk som hovudsakleg blir snakka av det tibetanske folket som lever spreidd over eit stort område av austre Sentral-Asia og Sør-Asia, i tillegg til mange utvandra tibetanarar over heile verda. Fleire ulike variantar av tibetansk blir også snakka av folkeslag i nordlege Pakistan og i India i område som Baltistan og Ladakh, som begge ligg i eller rundt Kashmir. Språket finn vi i klassisk skrive form for det meste i lokal litteratur; særleg buddhist-litteratur.
Sjølv om klassisk tibetansk opphavleg ikkje er eit tonespråk, har nokre dialektar utvikla tonar. Dette gjeld sørleg Sentral- og Kham-dialektar, mens Amdo-dialekten og visse andre, vestlege dialektar er utan tonar. Tibetansk morfologi kan generelt beskrivast som agglutinerande.
Tibetanske skriftteikn
Tibetansk blir skrive med eit eige skriftsystem, tibetansk skrift. Tibetansk skrift er eit stavingsalfabet. det er beslekta med devanagari, og har ingen ting å gjere med kinesisk skrift. Kolonnen Wylie i tabellen nedanfor refererer til ein vanleg transkripsjonsstandard.
Tibetansk Wylie IPA Tibetansk Wylie IPA Tibetansk Wylie IPA Tibetansk Wylie IPA ཀ ka k ཅ ca tɕ ཏ ta d པ pa p ཁ kha kʰ ཆ cha tɕʰ ཐ tha tʰ ཕ pha pʰ ག ga g ཇ ja dʑ ད da t བ ba b ང nga ŋ ཉ nya ɲ ན na n མ ma m Tibetansk Wylie IPA Tibetansk Wylie IPA Tibetansk Wylie IPA Tibetansk Wylie IPA ཙ tsa ts ཞ zha ʑ ར ra r ཧ ha h ཚ tsha tsʰ ཟ za z ལ la l ཨ a — ཛ dza dz འ ’a ɦ ཤ sha ɕ ཝ wa w ཡ ya j ས sa s
Grammatikk
Tibetansk er eit ergativt språk.
Lydlære
Tibetansk har fem vokalar, a, i, e, u, o.
Formlære
Substantiv
Klassisk tibetansk har ni kasus:
Absolutiv (umarkert) Genitiv (-gi, -gyi, -kyi, -’i, -yi) Ergativ/Instrumental (-gis, -gyis, -kyis, -’is, -yis) Lokativ (-na) Allativ (-la) Terminativ (-ru, -su, -tu, -du, -r) Komitativ (-dang) Ablativ (-nas) Elativ (-las)
Bakgrunnsstoff
Tibetansk dialektprosjekt Ordbok over tibetanske dialektar Språk på det tibetanske platået og i Himalaya — Nicolas Tournadre Lyd med enkle frasar Det tibetanske alfabetet Gratis tibetansk grammatikk- og frasebok Rangjung Yeshe tibetansk-engelsk Dharma ordbok GB18030 Støttepakke for Windows 2000/XP, inkludert kinesisk, tibetansk, yi, mongolsk og thai av Microsoft Lær tibetansk på nettet Klassisk tibetansk språk-blokk internasjonalt buddhist-akademi Katmandu, Nepal Online tastatur for tibetansk
Kategori:Sinotibetanske språk Kategori:Språk i India Kategori:Språk i Kina Kategori:Språk i Nepal Kategori:Einskildspråk Kategori:Liturgiske språk