Kimry (russisk Кимры) er ein by sør i Tver oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Volga, ved samløpet med Kimrka, rundt 130 km aust for Tver.

Historie Kimry vart første gong nemnt i skriftlege kjelder i 1546 som ein travel skomakar- og handelslandsby på venstre bredda av Volga. Den delen av Kimry som ligg på høgresida, kalla Savjolovo, starta først å vokse i 1901, då ein jernbane knytte han til Moskva. Kimry fekk bystatus i 1917. Mange gamle trebygningar og kyrkjer finst framleis i Kimry.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kimry» frå , den 18. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar ved Volga