«Rock and a Hard Place» er ein song av the Rolling Stones frå albumet deira Steel Wheels frå 1989. Han var den andre singelen frå albumet og er den siste singelen som nådde Topp 40 på Billboard-lista i USA.

Songen er tilskriven Mick Jagger og Keith Richards og vart spelt inn i Air Studios på Monserrat og i Olympic Studios i London våren 1989. I plateomslaget til samleplata Jump Back frå 1993 sa Richards at songen vart skriven slik dei gjorde det i dei tidlege åra då dei budde nær kvarandre. Dei møttest på ferie på Barbados med eit par gitarar og eit piano og starta å skrive songar i lag.

With Jagger song solovokal, Richards Ron Wood og Jagger speler gitar, medan Bill Wyman og Charlie Watts spelar bass og trommer. Matt Clifford og Chuck Leavell spelte keyboard, medan The Kick Horns hadde blåsarar. På korvokal var Lisa Fischer, Sarah Dash og Bernard Fowler.

Utgjeving «Rock and a Hard Place» vart gjeven ut som den andre singelen frå Steel Wheels den 13. november 1989. B-sida var ein sakte blues-song kalla «Cook Cook Blues». Singelen nådde 63. plass i Storbritannia og 23. plass i USA. Songen har vorte spelt sporadisk på turnane deira sidan, og eit konsertopptak vart gjeven ut på Flashpoint i 1991.

Salslister Liste (1989–90) PlasseringAustralia (ARIA)99

Bakgrunnsstoff Songteksten

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rock and a Hard Place (song)» frå , den 27. mars 2009.

Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Songar frå 1989 Kategori:Singlar frå 1989 Kategori:Songar skrivne av Jagger/Richards Kategori:Musikkvideoar regisserte av Wayne Isham Kategori:Songar på toppen av Billboard Mainstream Rock-lista Kategori:Songar produserte av The Glimmer Twins Kategori:Songar produserte av Chris Kimsey