Mugdrum Island er ei øy i Firth of Tay, utanfor byen Newburgh i Fife, aust i Skottland.

Geografi Mugdrum er ei lågtliggande, sivdominert øy med sunda North Deep og South Deep på kvar side. Øya har eit areal på 0,13 km².

Historie Namnet kjem frå muc-dhruim, som er skotsk-gælisk for svinerygg. Namnet vart opphavleg nytta om kysten innanfor øya.

Siva på øya vart tidlegare hausta inn for halmtekking og for å verne potetene under omlasting. Fram til 1926 låg det ein gard på øya. Øya er i dag eit naturreservat underlagt Tay Valley Wildfowlers' Association.

I Laing Museum i Newburgh kan ein sjå ei utstoppa utgåve av ein katt med to hovud som vart fødd på Mugdrum på 1800-talet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mugdrum Island» frå , den 25. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Flyfoto av øya

Kategori:Naturreservat i Skottland Kategori:Øyar i Firth of Tay Kategori:Geografi i Fife