Datatilsynet er eit norsk, uavhengig forvaltingsorgan som administrativt ligg under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Datatilsynet vart oppretta 1. januar 1980.

Oppgåver Oppgåvene til Datatilsynet inneber å:

føre kontroll over at personvernlova vert etterlevd. halde folket informert om nasjonal og internasjonal utvikling når det kjem til å handsame personvernopplysningar. finne ut om farer rundt personvernet og gi råd rundt dette. delta i råd og utvikling som gjer at personvernet blir betre. bistå bransjeorganisasjonar med å gi råd og rettleiing for å betre personopplysningar. vere ein kanal ut til publikum for å gi råd og informasjon. Dei har nettside, blogg og rettleiarar. få viktige saker på dagsorden i media og samfunnsdebatt om personvern. 

Direktørar 1980–1989: Helge Seip 1989–2010: Georg Apenes 2010–2022: Bjørn Erik Thon 2022– : Line Coll

Kjelder

Bakgrunnsstoff

«Lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven)» av 15. juni 2018. I Lovdata.no

Kategori:Norske statsetatar Kategori:Personvern Kategori:Skipingar i 1980 Kategori:1980 i Noreg