mini|Tiøring avbilda til høgre på eit numismatisk postkort frå Noreg.

Tiøring eller tiøre er ein mynt som vart utmynta i Noreg frå 1874 til 1991.

Mynten har på adversen hatt monogrammet til myntherren, det vil seie den regjerande monarken, eller ei kongekrone. Under andre verdskrigen hadde mynten på adversen det norske riksvåpenet utan krone, omgitt av olavsmerket og med teksten «NORGE».

På reversen hadde mynten dei to første åra teksten «10 øre/3 sk», sidan «10 øre» i ulike variantar, før mynten frå 1958 til 1973 hadde biletet av ei bie og teksten 10 øre-Norge.

Frå 1924 til 1951 vart koparnikkel- og nikkelmessing-mynten prega som særskillemynt med hol midt i mynten.

+ Norske tiørar Myntherre Metall Vekt Sølvvekt Utmynta år Kunstnar Oskar II sølv 1,45 g 0,58 1874-1903 Håkon VII sølv 1,45 g 0,58 1909-1919 Håkon VII koparnikkel 1,50 g 1920-23, 1924-41, 1945-51, 1951-57 Okkupasjonsmynt sink 1,25 g 1941-1945 Håkon VII nikkelmessing 1,50 g 1942 Olav V koparnikkel 1,50 g 1958-1973 Per Palle Storm/Ø. Hansen Olav V koparnikkel 1,50 g 1974-1991 Øivind Hansen

Kjelder Norges mynter 1814-1995 ISBN 82-7319-127-3

Bakgrunnsstoff 10-øre med bie 10-øre Olav V

Kategori:Historisk mynt Kategori:Norske myntar Kategori:Skipingar i 1874 Kategori:Nedleggingar i 1991