Even Christensen Ringnæs () var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Stange i Hedmark. Nils Christensen Ringnæs var bror hans.

Far hans var gardbrukar og gardeigar. Sjølv var han 1806-12 styrar av garden Ajer i Furnes, ein gard far hans eigde. Frå 1812 var han i femti år gardbrukar på farsgarden i Stange. Han var ordførar i heradet i mange år og medlem av forlikskommisjonen 1831-42.

Ringnæs var 2. representant frå Hedemarkens amt på Stortinget 1830. Der var han medlem av næringskomiteen.

Han døydde på slektsgarden i Stange i 1870.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Ordførarar i Stange Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Stange