Ola Olsen Nyhuus () var ein norsk gardbrukar, skogbestyrar og stortingsmann frå Trysil i Hedmark.

Far hans var gardbrukar og fullmektig for det svenske firmaet AS Mölnbacka-Trysil. Sjølv arbeidde han ei tid på kontoret til Mölnbacka-Trysil, og då faren døydde overtok han som fullmektig for selskapet. Attåt var han stor skogeigar sjølv. Han var ordførar 1859-63 i Trysil, medlem av forlikskommisjonen og formann i matrikkelkommisjonen i heradet.

Han var stortingsmann 1865-66 for Hedemarkens amt, medlem av vegkomiteen. Også til Stortinget 1868-69 vart han vald, men grunna sjukdom møtte han ikkje.

Nyhus døydde på Størks i Trysil i 1874. Han var far til bibliotekaren Haakon Nyhuus.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Ordførarar i Trysil Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Trysil