Thore Embretsen Myrvang () var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Tynset i Hedmark. I sine år på Stortinget representerte han Venstre fram til 1903, sidan Arbeiderdemokratene. Han var bror til Tore Aaen.
Myrvang var son til ein gardbrukar i Tynset. Han vart seminarist frå Hamar i 1877, deretter var han lærar i Stor-Elvdal. År 1896 kjøpte han gard i Stor-Elvdal og var sidan gardbrukar òg. Han var medlem av heradsstyret i mange år, ordførar 1901-04.
Myrvang representerte Hedemarkens amt på Stortinget 1895-1906, heldt fram 1906-09 som representant for einmannskrinsen Søndre Hedemarken. 1895-97 var han medlem av næringskomite nr 2, 1898-1900 sekretær i same. Sekretær i Odelstinget 1898-1909, medlem av valkomiteen 1900-09. Frå 1900 var han også medlem av kyrkjekomiteen, 1905-09 sekretær i same.
Myrvang var landsstyremedlem av Arbeiderdemokratene og av landsforeininga for krinssjukekassene. Også medlem av ein departemental komite om valdgift i arbeidstvistar.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Arbeiderdemokratene Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Ordførarar i Stor-Elvdal Kategori:Norske pedagogar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Stor-Elvdal Kategori:Folk frå Tynset