Janis Lyn Joplin () var ein amerikansk songar, låtskrivar og musikalsk arrangør. Ho vart kjend mot slutten av 1960-åra som songar i Big Brother and the Holding Company og seinare som soloartist.

Joplin er rekna som ei rockelegende, og som ei føregangsfigur for kvinner innan rock. Ho døydde av ein overdose då ho var 27 år gammal, og spelte berre inn fire album. Nokre av hennar best kjende songar er «Me and Bobby McGee», «Mercedes Benz» og «Piece of My Heart».

Tidleg liv 1943–1965

Janis Joplin vart fødd i oljebyen Port Arthur i Texas i 1943. Ho var den eldste av tre barn i ein middelklassefamilie der faren var ingeniør for Texaco og mora var kontortilsett på ein handelshøgskule. Ho lærte å spele piano av den musikalske mora, og song i ungdomskoret i Kristi Forsamling-kyrkja familien høyrde til. I tillegg til musikk dreiv ho òg med biletkunst.,

Som tenåring på high school opplevde Joplin å bli mobba og utstøytt. Ho var overvektig og hadde eit så kraftig kviseproblem at ho fekk arr som kravde hudsliping. I tillegg kledde og oppførte ho seg «annleis». Andre elevar på skulen mobba ho ofte og kalla ho «pig», «freak» eller «creep». Joplin sa mellom anna om denne tida: «Eg var ein mistilpassa person. Eg las, eg målte, eg hata ikkje niggerar.»

Etterkvart blei Joplin vener med nokre andre outsiderar. Av desse blei ho mellom anna introdusert for dikta til beat-generasjonen og for dei afroamerikanske bluesartistane Bessie Smith og Lead Belly, som ho seinare omtalte som inspirasjonskjelder. Ho byrja også å lytte på andre bluessongarar som Odetta og Big Mama Thornton, og å vitje nattklubbar i Texas og nabostaten Louisiana der det blei spelt ulik lokal musikk – blues, country, cajun og zydeco.

Janis Joplin var ferdig på high school i 1960 og gjekk inn på Lamar State College of Technology i Beaumont i Texas i løpet av sommaren og seinare University of Texas i Austin. Ho fekk gode karakterar, men gjorde ikkje ferdig studiane. Universitetsavisa hadde ein artikkel om ho i 1962 med overskrifta «Ho vågar å vere annleis». I Austin blei Joplin kjend med fleire kunstnarar og artistar, og byrja opptre med sitt første band, Waller Creek Boys. Etter rundt eitt år i Austin haika Joplin til California etter å ha høyrt rykte om eit ope musikkmiljø der.

Den første songen Janis Joplin spelte festa på lydband, heime hos ein klassekamerat i desember 1962, var «What Good Can Drinkin' Do». Ho forlét Texas og reiste til San Francisco i januar 1963 og budde i North Beach og seinare Haight-Ashbury. I 1964 spelte Joplin og den framtidige Jefferson Airplane-gitaristen Jorma Kaukonen inn fleire bluesstandarar, med Margareta Kaukonen på skrivemaskin (som perkusjonsinstrument). Dei spelte inn sju songar: «Typewriter Talk», «Trouble In Mind», «Kansas City Blues», «Hesitation Blues», «Nobody Knows You When You're Down and Out», «Daddy, Daddy, Daddy» og «Long Black Train Blues», som seinare vart gjeven ut på piratkopialbumet The Typewriter Tape.

Om lag samstundes auka dopmisbruket hennar, og ho fekk rykte på seg som ein «speed freak» og stundom heroinbrukar. Ho nytta òg andre psykofarmakon og drakk tett gjennom heile karrieren. Favorittdrykken hennar var Southern Comfort. Våren 1965 merka venene til Joplin dei fysiske effektane av amfetaminmisbruket (ho vart skildra som eit «beinrangel» og utmagra"), og overtalte ho til å dra attende til Port Arthur i Texas. I mai 1965 spanderte venene hennar ein bussbillett på ho så ho kunne kome heim.

Tilbake i Port Arthur endra Joplin livsstil. Ho unngjekk dop og alkohol, byrja å gå med meir normale klede, og førte seg inn på sosiologistudiet på Lamar University nær Beaumont i Texas. I løpet av året hennar på Lamar University reiste ho til Austin for å spele solo, med ho sjølv på gitar. Ein av konsertane hennar vart meldt av Austin American-Statesman. Joplin vart forlova med ein mann som vitja familien og bad faren hennar om handa hennar, men mannen slo opp kort tid seinare.

Big Brother and the Holding Company: 1966–1968

I 1966 vart den bluesaktige vokalen til Joplin lagt merke til av det psykedeliske rockebandet Big Brother and the Holding Company, eit band som vart kjend i det gryande hippiemiljøet i Haight-Ashbury. Ho vart hyrt inn i gruppa av Chet Helms, ein promotør som hadde kjent ho i Texas og som no styrte Big Brother. Helms førte ho attende til San Francisco og Joplin vart med i Big Brother den 4. juni 1966. Den første offentlege konserten hennar med dei var i Avalon Ballroom i San Francisco. Sidan ho stadig vart overtalt av organisten og den nære venen Stephen Ryder, heldt Joplin seg unna dop i fleire veker, og heldt lovnaden ho gav Dave Getz om å ikkje nytte nåler i øvingslokalet eller i leilegheita dei delte. Då ein vitjande i leilegheita sette ei sprøyte føre Joplin, sa ho sint i frå til Getz at han ikkje hadde halde det han lovde. Ein konsert i San Francisco denne sommaren vart innspelt og gjeven ut i 1984 som Cheaper Thrills.

Den 23. august 1966, under ein fire veker lang tur til Chicago, signerte gruppa ein avtale med det sjølvstendige selskapet Mainstream Records. Dei spelte inn songar i eit platestudio i Chicago, men eigaren av selskapet, Bob Shad, nekta å betale flyreisa attende til San Francisco. Kort tid etter køyrte dei fem bandmedlemmane frå Chicago til Nord-California med særs lite pengar. Dei flytta i lag med Grateful Dead til eit hus i Lagunitas i California. Det var her Joplin hamna attende på harde narkotika.

mini|Mantra-Rock Dance-plakaten med Big Brother and the Holding Company. Ein av dei første store konsertane til Joplin i 1967 var Mantra-Rock Dance, den 29. januar 1967 i Avalon Ballroom av San Francisco Hare Krishna-tempel. Janis Joplin og Big Brother spelte der i lag med Hare Krishna-grunnleggaren Bhaktivedanta Swami, Allen Ginsberg, Moby Grape og Grateful Dead. Inntektene vart donerte til Krishna-tempelet.

Tidleg i 1967 møtte Joplin Country Joe McDonald frå gruppa Country Joe and the Fish. Dei levde i lag som eit par nokre månader. Joplin og Big Brother starta å spele klubbar i San Francisco, i Fillmore West i Winterland og Avalon Ballroom. Dei spelte òg i Hollywood Bowl i Los Angeles, samt i Seattle i Washington og Vancouver i British Columbia, Den psykedeliske supermarknaden i Boston, Massachusetts, og Golden Bear Club i Huntington Beach i California.

Debutalbumet kom ut på Mainstream Records i august 1967, kort tid etter gjennombrotet til bandet i juni på Monterey Pop Festival. To songar frå setlista til Big Brother på Monterey vart filma. «Combination of the Two» og ein versjon av Big Mama Thornton sin «Ball and Chain» finst i D.A. Pennebaker-dokumentaren Monterey Pop. I filmen kan ein sjå Cass Elliot i publikum som seier «Wow! That's really heavy!» under framføringa til Joplin.

I november 1967 forlet bandet Chet Helms og signerte ein kontrakt med den kjende manageren Albert Grossman. Fram til då hadde Big Brother hovudsakleg spelt i California, men hadde vorte nasjonalt kjende etter konserten på Monterey. Den 16. februar 1968 la gruppa ut på den første turneen sin på austkysten, med ein konsert i Philadelphia, og dagen etter i New York City i Anderson Theater. Den 7. april 1968, den siste dagen deira på austkysten, spelte Joplin og Big Brother med Jimi Hendrix, Buddy Guy, Joni Mitchell, Richie Havens, Paul Butterfield og Elvin Bishop på «Wake for Martin Luther King, Jr.» i New York.

Våren 1968 vart Joplin og Big Brother sende på nasjonalt fjernsyn då dei debuterte på The Dick Cavett Show. Seinare var ho tre gonger til hos Cavett. På denne tida vart bandet kalla «Janis Joplin and Big Brother and the Holding Company», sjølv om mediaomtalen Joplin fekk, irriterte resten av bandet. Dei andre medlemmane i Big Brother meinte at suksessen hadde gått Joplin til hovudet, medan andre fortalte Joplin at Big Brother var eit forferdeleg band og at ho burde kvitte seg med dei.

Time kalla Joplin «truleg den mektigaste songaren som har kome frå den kvite rockerørsla» og Richard Goldstein i Vogue skreiv at Joplin var «den fremste frontkvinna i rock---ho snik seg som tjøre, ho skuler som krig... ho pressar knea saman under den siste strofa som om ho bønfell ho om å bli verande...Janis Joplin kan synge elegansen ut av kvar ein lyttar.»

Det andre albumet til Big Brother, Cheap Thrills med eit plateomslag av teikneserieteiknaren Robert Crumb, høyrdest ut som det hovudsakleg var «live», men berre eit spor («Ball and Chain») var faktisk spelt inn live. Resten av songane var studioopptak. Albumet hadde ein upolert stil med lyden av knusande cocktailglas og glasbitane som vert kosta bort under songen «Turtle Blues». Med dokumentarfilmen Monterey Pop som kom ut seint i 1968 vart den korte og suksessrike karrieren til Joplin lansert.

Cheap Thrills, med gjennombrotssingelen til bandet, «Piece of My Heart», nådde førsteplassen på den amerikanske albumlista åtte veker etter at det kom ut. Det låg på førsteplassen totalt i åtte veker. Albumet selde til gullplate og selde over ein million eksemplar den første månaden etter det kom ut. Live at Winterland '68, spelt inn i Winterland Ballroom den 12. og 13. april 1968, med Joplin og Big Brother and the Holding Company på høgda av karrieren sin, spelte gjennom fleire av songane på albuma sine.

Bandet gjorde ein ny turne på austkysten juli og august 1968, der dei spelte på Columbia Records-samlinga i Puerto Rico og på Newport Folk Festival. Etter å ha kome attende til San Francisco for to konsertar i Palace of Fine Arts-festivalen den 31. august og 1. september, annonserte Joplin at ho kom til å forlate Big Brother. Gruppa heldt fram å turnere gjennom hausten og Joplin spelte den siste offisielle konserten sin med Big Brother på Family Dog-konserten den 1. desember 1968.

Solokarriere: 1969–1970 Kozmic Blues Band Etter at ho gjekk frå Big Brother danna Joplin eit nytt backingband, the Kozmic Blues Band. Bandet var påverka av Stax-Volt Rhythm and Blues-band frå 1960-åra, som Otis Redding og the Bar-Kays, som hadde stor innverknad på Joplin. Stax-Volt R&B-stilen nytta typisk blåsarar og hadde ein stil med meir blues, funk, soul og pop enn dei fleste hardrockande psykedeliske banda på denne tida.

Tidleg i 1969 var Joplin avhengig av heroin og nytta visstnok minst $200 på heroin dagleg, sjølv om det vart gjort forsøk på å få ho av det under innspelinga av I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama!. Gabriel Mekler, som produserte Kozmic Blues, fortalte biografiforfattaren Myra Friedman etter Joplin døydde at songaren hadde budd i huset hans under innspelinga i juni 1969 slik at han kunne halde ho borte frå narkotika og dei dopavhengige venene hennar.

Kozmic Blues-albumet kom ut i september 1969, og selde til gullplate same året, men var ikkje like suksessfullt som Cheap Thrills. Meldingar av den nye gruppa var blanda. Somme kritikarar, som Ralph Gleason frå San Francisco Chronicle, var negativ. Gleason skreiv at det nye bandet var «keisamt» og at Joplin burde kaste det nye bandet å gå tilbake til Big Brother. Andre kritikarar, som reporteren Carl Bernstein frå Washington Post var generelt entusiastisk.

Joplin og the Kozmic Blues Band turnerte i Nord-Amerika og Europa gjennom 1969, og spelte på Woodstock i august. I følgje dei fleste attforteljingar så var ikkje Woodstock ein god episode for Joplin. Ho måtte vente ti timar etter at ho kom til festivalen, og tok heroin og drakk alkohol, så då ho gjekk på scenen var ho «full som ein alke». Joplin hadde òg problem i Madison Square Garden der ho fortalte rockejournalisten Dalton at «publikum såg og lytta på kvar einaste note [ho song] med 'Kjem ho til å klare det?' i augo sine» Konserten til Joplin var ikkje med i dokumentarfilmen Woodstock sjølv om 25-årsutgåva av filmen inneheld framføringa hennar av «Work Me, Lord».

Mot slutten av året vart gruppa oppløyst. Den siste konserten deira med Joplin var i Madison Square Garden i New York City den 19. desember 1969.

Full Tilt Boogie Band