Laurentz Johansen () var ein norsk snikkarmeister, tobakksfabrikant og stortingsmann frå Kristiansand.

Johansen var son til ein snikkar, og vart sjølv lært opp i faget. Han vart utlært snikkar i heimbyen, og arbeidde sidan som svein i både Sverige, Danmark og Tyskland. Sidan dreiv han ei større møbelforretning i Kristiansand, frå 1869 hadde han ein fabrikk som laga skråtobakk. I 1892 brann møbelforretninga ned, og vart ikkje teken opp att. Han starta i staden opp produksjon av sigarar i tillegg til skråtobakken.

Johansen var medlem av formannskapet i Kristiansand i 20 år, eitt år varaordførar. Han var medlem av forlikskommisjonen, sparebankdirektør, og hadde elles mange andre verv.

Johansen representerte Kristiansand på Stortinget 1883-88 og 1892-94, samt han møtte største delen av valperioden 1898-1900, då han var vald til 1. varamann. 1883-85 var han medlem av tollkomiteen. Dei neste periodane, 1886-88 og 1892-94, var han medlem i same komiteen og i tillegg medlem av Lagtinget. Han var 1898-99 medlem av gasje- og pensjonskomiteen, og 1899-1900 av næringskomite nr 1.

Han døydde i Kristiansand i 1918.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Folk frå Kristiansand