Alf Petter Hugsted () var ein norsk skihoppar. Han var både fødd og døydde på Kongsberg.
Karriere Hugsted vart olympisk meister i hopp i under Vinter-OL 1948 i St. Moritz, føre Birger Ruud på sølvplass og Thorleif Schjelderup på bronseplass. Hugsted hoppa 65 meter i fyrste omgang og 70 meter i andre omgang, det lengste hoppet i tevlinga. Alle dei norske medaljane kom etter klart høgre stilkarakterar enn for dei sterkaste, utanlandske konkurrentane. Hugsted fekk 18 og to gongar 18,5 poeng i teljande karakterar for fyrstehoppet og tre gongar 19 for andrehoppet. Finnen Matti Pietikäinen hoppa 69,5 og 69 meter, men tapte totalt 12 stilpoeng i høve til Hugsted og hamna på fjerdeplass i tevlinga. For prestasjonen i OL-bakken vart Hugsted tildelt 'Sportsjournalistenes statuett' for 1948, den aller fyrste som vart utdelt. Han var også med i Ski-VM 1950 i Lake Placid, enda då på sjuandeplass, endå om han var berre femte beste nordmann.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1948: Gullmedalje under OL i St. Moritz. Nr 3 i Holmenkollrennet 1950: Nr 7 i VM i Lake Placid. Nr 3 i Holmenkollrennet 1951: Nr 13 i Holmenkollrennet
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap 1946: Nr 9 1947: Nr 6 i Tistedalen 1948: Nr 5 på Lillehammer
Kjelder P. Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. Oslo, 1957.
Bakgrunnsstoff 14. mars 1948 - Petter Hugsted ble nr 2 i Bergensbakken , Historien om en hoppbakke http://www.kongsberg.kommune.no/kultur/gater/data/petter_hugsted_vei.htm
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1948 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1948 Kategori:Folk frå Kongsberg