Eden er ei elv i Cumbria i England. Ho startar sør for Kirkby Stephen, og renn ut i havet ved Solway Firth. Den totale lengda er omkring 145 km.
Elva har utspringet sitt i området mellom Lake District og Penninane. Det første stykket har dalen ho renn gjennom, kjent som Eden Valley, bratte sider. Når ho når Appleby-in-Westmorland opnar dalen seg, og Eden tek imot vatn frå ei rekkje mindre bekker som renn ut frå Penninane i aust og frå elver som renn frå sjøane i vest. Blant sideelvane hennar finn ein Lyvennet, Leith og Eamont.
Ho heldt fram nordover forbi fornminnet Long Meg and Her Daughters, og gjennom dei tynt folkesette jordbruksområda i Cumbria. Etter å ha runne gjennom Wetheral går ho gjennom Carlisle, og møter Caldew ved Hadrianmuren. Ho renn så ut i Solway Firth ikkje langt frå munningen til Esk. mini|venstre|Eden nedanfor Wallace Field Romarane kalla elva Ituna. Ho har gjeve namn til Eden Valley og til distriktet Eden.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Elvar i Cumbria