Hilde Kristin Westhrin Thorkildsen () er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var ordførar i Nittedal kommune frå 2011 til 2023.

Før ho vart ordførar arbeidde ho som personalleiar i Jernbaneverket. Tidlegare har ho vore politisk rådgjevar i Arbeids- og administrasjonsdepartementet og arbeidd i NAV.

Thorkildsen var varaordførar i Nittedal kommune frå 1999 til 2007 og fjerde vararepresentant til Stortinget i perioden 2005 til 2009.

Kjelder

Kategori:Ordførarar i Nittedal Kategori:Ap-ordførarar i Akershus