Slaget ved Flint River var eit mislukka åtak av spanjolar og Apalachee-indianarar mot Creek-indinarar i oktober 1702 i det som i dag er staten Georgia. Slaget var ein del av i grensestriden mellom engelske handelsmenn frå provinsen Carolina og Spansk Florida, og var ein del av opptakten til Dronning Anne-krigen.
Creek-indianarane fekk støtte av nokre få engelskmenn leia av handelsmannen Anthony Dodsworth, og overfalt den invaderande fienden i bakhald ved breidda av Flint River. Meir enn halvparten av den spansk-indianske styrken vart drepen eller fanga. Både engelske og spanske styresmakter reagerte på slaget ved å framskunde førebuingane som kulminerte med Omleiringa av St. Augustine i november 1702.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Battle of Flint River» frå , den 23. desember 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Historia til delstaten Georgia Kategori:Historia til Sør-Carolina Kategori:Historia til Florida Kategori:Konfliktar i 1702 Flint River Flint River Flint River Flint River Kategori:1702 i Nord-Amerika