Jerome Isaac Friedman () er ein amerikansk fysikar.

Friedman mottok Nobelprisen i fysikk i 1990, saman med amerikanarane Richard E. Taylor og Henry Way Kendall, for «banebrytande undersøkingar om sterkt uelastisk spreiing av elektron mot proton og bundne nøytron, som spelte ei avgjerande rolle i utviklinga av kvarkmodellen innan partikkelfysikken.»

Forskinga som førte til Nobelprisen vart i fellesskap utført ved Stanford Linear Accelerator Center (SLAC) ved Stanford i California. I fleire eksperiment mellom 1967 og 1973 brukte dei partikkelakseleratorar for å rette ei stråle av elektron med høg energi mot proton og nøytron. Dei fann at den måten elektrona vert spreidd ved kollisjonane indikerte at både proton og nøytron består av små elektrisk ladde partiklar. Etter kvart vart det klart at desse partiklane motsvarte kvarkane som hadde blitt foreslått av Murray Gell-Mann og George Zweig i 1964.

Friedman tok doktorgrad ved University of Chicago i 1956. Etter å ha undervist ved Stanford University, der han møtte Kendall og Taylor, flytta han til Massachusetts Institute of Technology (MIT) der han vart professor i fysikk i 1983

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jerome Isaac Friedman» frå , den 22. februar 2012.

Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Professorar ved MIT Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Chicago Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Panofskyprisen