Robert B. Laughlin () er ein amerikansk fysikar.«Robert B. Laughlin - Biographical», Nobelprize.org.
Laughlin mottok Nobelprisen i fysikk i 1998, saman med Horst Ludwig Störmer og Daniel C. Tsui, «for oppdagingane deira av ein ny form for kvantevæske med fraksjonelt ladde eksitasjonar».«The Nobel Prize in Physics 1998», Nobelprize.org, besøkt 18. september 2011.
Han vart løna med Nobelprisen for å ha oppdaga at elektron opptrer saman i sterke magnetiske felt, og kan danne nye typar «partiklar» med ladningar som er ein brøkdel av ladninga til elektronet. Störmer og Tsui gjorde oppdaginga i 1982 under eit eksperiment der dei utnytta ekstremt sterke magnetfelt og låge temperaturar. Innan eitt år etter oppdaginga lukkast det Laughlin å forklare resultatet dei fekk. Gjennom teoretisk analyse viste han at elektrona i eit sterkt magnetfelt kan kondensere og danne ei slags kvantevæske, som minna om dei kvantevæsker som oppstår ved superleiing og i flytande helium.
Laughlin tok doktorgrad i fysikk ved Massachusetts Institute of Technology i 1979, og har sidan 1989 vore professor ved Stanford University
I 2008 heldt Laughlin «The Lars Onsager Lecture» ved NTNU.«The Lars Onsager Lecture», NTNU, besøkt 18. september 2011.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Robert B. Laughlin» frå , den 22. februar 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Tulare County Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Fysikarar på 2000-talet