Herbert Kroemer () er professor i data- og elektroteknikk ved University of California i Santa Barbara i USA. Han mottok ein doktorgrad i teoretisk fysikk i 1952 frå universitetet i Göttingen i Tyskland, med avhandlinga si om varme elektron-effektar i den nye transistoren. I 2000 vart Dr. Kroemer, saman med Zjores I. Alferov og Jack S. Kilby tildelt Nobelprisen i fysikk.

Han hadde tidleg suksess i eit ganske anna emne då han saman med Burgess og Houston i 1953 oppdaga ein matematisk feil i Nordheims teori om elektron-tunnelen gjennom biletstyrken med avrunda barriere som vert nytta i teorien i feltet om utslepp av elektron.

Herbert Kroemer arbeidde i fleire forskingslaboratorium i Tyskland og USA og underviste i elektroteknikk ved University of Colorado frå 1968 til 1976. Han slutta seg til UCSB-fakultetet i 1976.

Herbert Kroemer er medlem av National Academy of Engineering. Saman med Charles Kittel er han medforfattar av den populære læreboka Thermal Physics (Termisk fysikk på norsk) som vart publisert for første gong i 1980, og som framleis er i bruk i dag.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Herbert Kroemer» frå , den 22. februar 2012.

Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Professorar frå USA Kategori:Tyske professorar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Tyske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Tysk-amerikanarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Fysikarar på 2000-talet Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Elevar ved Universitetet i Göttingen Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Engineering