Andre Konstantin Geim () er ein russisk–nederlandsk–britisk fysikar og materialvitar. Han er oppdagar av karbonmaterialet grafén,It’s a thinner winner bbc.co.uk 19th October 2006 og har òg gjennomført eksperiment med magnetisk levitasjon som fekk ein frosk til å levitere. Dette eksperimentet førte til at han vart tildelt Ig Nobelprisen i 2000, saman med Michael Berry.
Andre Geim vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2010, saman med Konstantin Novoselov for oppdaginga av materialet grafén.
Geim avla doktorgraden sin ved instituttet for faststoffysikk innan Det russiske vitskapsakademiet. Han vart seinare professor ved Radboud universitet i Nijmegen i Nederland, og har sidan 2001 virka som professor ved University of Manchester. Han er medlem av Royal Society.
I 2010 vart Geim gjort til kommandør av Den nederlandske løves orden for medverkinga si til vitskapen i Nederland.
Geim vart i 2012 utnemnd til Knight Bachelor.New Year Honours List 2012 , Directgov. Han vart dermed adla og fekk rett til å føre tiltaleformen sir føre namnet sitt.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Andre Geim» frå , den 22. februar 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Andre Geims nettside ved University of Manchester
Kategori:Russiske fysikarar Kategori:Nederlandske fysikarar Kategori:Russiske nobelprisvinnarar Kategori:Nederlandske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Britiske nobelprisvinnarar Kategori:Britiske fysikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Fysikarar på 2000-talet