Makijivka (ukrainsk Макіївка; russisk Макеевка, Makejevka; tidlegare namn: Dmytrijivsk, Dmytrijevskyj) er ein industriby aust i Ukraina i Donetsk oblast (provins), 25 km frå Donetsk. Byen har kring 390 000 innbyggjarar (2004). Han har eit viktig senter for stålindustri og kolgruvedrift i landet. Donetsk og Makijivka har meir eller mindre vokse i saman, så det er vanskeleg å sjå kvar den eine sluttar og den andre byrjar. Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Donetsk.
Historie Lenge trudde ein at Makijivka vart grunnlagd i 1777, men nyare forsking har vist at han vart nemnd i skriftlege kjelder kring 1696. Den første gruva nær byen vart opna i 1875. I 1899 vart det grunnlagd ein metallurgi-busetnad i nærleiken kalla Dmytrijevsk.
Makijivka var berre ein liten landsby då han vart slått saman med den nærliggande Dmytrijivsk. Dmytrijivsk utvikla seg så til ein av dei største kolgruve- og industrisentera i Donetsbekkenet. I 1931 fekk Dmytrijivsk-Makijivka det nye namnet Makijivka.
I 1939 budde det 8000 jødar i Makijivka. I 1942 melde nazistane at Makijivka no var "fri for jødar". Nazistane avretta i alt 493 personar her.
I september 2006 vart den første synagogen i byen reist, den første på nesten 70 år. .
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Makiivka» frå , den 9. september 2012.
Bakgrunnsstoff makeyevka.dn.ua - Offisiell nettstad for Makijivka (engelsk)/(ukrainsk)/ (russisk)
Kategori:Byar i Donetsk oblast Kategori:Busetnader grunnlagde i 1696