...And Then There Were Three... er det niande studioalbumet til det engelske rockebandet Genesis. Det kom ut i mars 1978 på Charisma Records og er det første spelt inn som ein trio med songaren og trommeslagaren Phil Collins, klaverspelaren Tony Banks og bassisten og gitaristen Mike Rutherford etter at gitaristen Steve Hackett slutta. Albumet markerte ei endring i stilen til bandet, der dei blanda element av røtene deira i progressiv rock med kortare materiale, og Collins bidrog meir til låtskrivinga.
Albumet fekk blanda kritikk av kritikarane, men nådde tredjeplassen på UK Albums Chart og 14. plassen på amerikanske Billboard 200. Den første singelen frå albumet, «Follow You Follow Me», vart den største hitten deira til då, og nådde sjuandeplassen i Storbritannia og 23. plassen i USA. Albumet selde til platinaplate i USA i 1988 for ein million selde eksemplar i USA. For å marknadsføre albumet la Genesis ut på ein turné me den nye konsertgitaristen deira Daryl Stuermer. Albumet vart miksa på ny i 2007 som ein del av plateboksen Genesis 1976–1982 i 5.1 kringlyd og ein ny stereomiks av Nick Davis.
Produksjon
Bakgrunn I juli 1977 fullførte Genesis turneen sin etter det åttande studioalbumet deira, Wind & Wuthering, med besetninga som bestod av songaren og trommisen Phil Collins, klaverspelaren Tony Banks, bassisten Mike Rutherford, gitaristen Steve Hackett og turnétrommisen Chester Thompson. Bandet redigerte og miksa så det andre konsertalbumet sitt, Seconds Out, i august 1977, då Hackett valde å slutte i bandet for å satse på solokarrierren sin. Han hadde alt gjeve ut det første soloalbumet sitt, Voyage of the Acolyte, og mislikte dei musikalske kompromissa i Genesis og kjende seg meir komfortabel med å arbeide på eiga hand. Sidan Genesis no hadde spelt i Madison Square Garden, kjende Hackett det som at gruppa ikkje hadde meir å oppnå. At Hackett slutta vart ikkje offentleggjort før 8. oktober, då Collins, Banks og Rutherford marknadsførte Seconds Out (og var ferdig med å arbeide på ...And Then There Were Three...). Trioen var sikre på at dei skulle halde fram, sidan dei hadde danna grunnstamma på fleire Genesis-klassikarar, som «Apocalypse in 9/8»-delen av «Supper's Ready», den instrumentale delen av «The Cinema Show» og grunnstamma på A Trick of the Tail (skriven medan Hackett arbeidde på det første soloalbumet sitt).
Skriving og innspeling mini|upright|Plateprodusenten David Hentschel Øvingane byrja i Shepperton Studios og varte kring seks veker. I september 1977 drog dei attverande tre medlemmane inn i Relight Studios i Hilvarenbeek i Nederland for å skrive og spele inn det nye albumet sitt. Det var same studio dei hadde brukt for Wind & Wuthering. Gruppa ønskte å spele inn musikk ei ny stad, men dei kunne ikkje finne eit studio som passa behova deira, og ønskte heller ikkje å reise så langt frå England. Rutherford ønskte å vere att i London, men sa at innspelinga utanlands var «den einaste skattefordelen» deira. Gruppa fekk med seg lydteknikaren og medprodusenten David Hentschel, som hadde arbeidd på dei to førre albuma deira. Genesis hadde òg sjølv rolla som produsentar. I følgje Rutherford vart materialet spelt inn på to veker. Bandet vurderte å teste ut nye gitaristar eller bruke ein studiogitarist for albumet, men Rutherford var trygg på at han var god nok til å spele sologitarpartia sjølv, og meinte han kom til å like utfordringa. Banks meinte det var enklare å spele inn som eit tremannsband og hadde støre glede av det enn tidlegare, sidan kvart medlem hadde tydelege roller, som reduserte faren for krangling undervegs. Rutherford oppdaga at med tre medlemmar vart grunnspora enklare og ikkje like lett å forstå før dei hadde lagt over fleire lydspor. Etter innspelinga miksa gruppa albumet i Trident Studios i London.
Banks og Rutherford var dei meir dominante låtskrivarane med fire og tre songar skrivne av dei, i tillegg til ein av Banks og Collins og tre spor skrivne av alle tre. Collins hadde slått seg ned med kona og to barn i South Ealing, og hadde ikkje så mykje tid til å kome med nye komposisjonar til innspelinga. Rutherford sa seinare at han var imponert over at gruppa skreiv «Follow You Follow Me», sidan dei hadde vanskar med å avgrense seg til 3-4 minuttar med musikk. Størsteparten av albumet vart forma av songar som var klare før innspelinga, og som ikkje var utvikla gjennom jammar og improvisasjonar. Collins meinte seinare at albumet mangla «rike, jazza stykke» som «Los Endos» frå A Trick of the Tail der dei blanda rytme og melodi, men kunne ikkje medverke med idear sidan det var vanskeleg å spele trommer i leilegheita si i Ealing med kone og to barn. Gruppa vart stadig meir populære i USA og hadde ikkje hatt ein hitsingel der, som Banks seinare sa var noko dei sleit med. På det originale albumet vart rekkjefølgja endra der «Undertow» vart byta med «Many Too Many» og «Scenes from a Night's Dream», før det vart endra slik at bandet meinte det flaut betre.
Plateomslag Som med dei tidlegare tre studioalbuma vart plateomslaget designa av Storm Thorgerson og Aubrey Powell i Hipgnosis. Thorgerson sa seinare at omslaget «prøvde å fortelje ei soge med spora etterlate av lysspor». Fotografiet vart teken ved hjelp av intervallfotografering for å representere «det som kjem og går» i tekstane på albumet, og endringane i besetninga til bandet.
Komposisjon Albumet markerte ei endring i stilen deira, der dei gjekk bort frå røtene sine i progressiv rock mot kortare, meir konsise songar. Motivasjonen for dette var at dei kunne inkludere fleire musikalske idear på albumet, og fungere som eit svar til den nye punkrock- og new wave-rørsla, der korte og konsise songar var vanleg. Denne avgjersla fekk Collins til å forstå at dei gav inntrykk av å prøve og bli eit «singel-band», men meinte at materialet deira «hovudsakleg var det same». Rutherford ønskte særleg å skape sin eigen stil, og ikkje kopiere dei særeigne gitartonane til Hackett, så albumet var meir dominert av klaverinstrumenta til Banks, med enklare gitarpartar.
Side ein «Down and Out» er ein av tre songar som vart skriven av heile bandet i lag, under ei av øvingane deira. Thompson fann den komplekse takten vanskeleg å spele på scenen i starten, sidan Collins ikkje klarte å forklare riffet og rytmen som Rutherford meinte «berre auka forvirringa». Collins skreiv teksten, som omhandla amerikanske plateselskap som droppar artistar når dei ikkje lenger er populære. Refrenget snakkar ut frå ståstaden til artisten og versa frå ståstaden til selskapet. Bandet hadde opphavleg planar om å utvikle og arrangere Banks-songen «Undertow» vidare, men grunnsporet med gitar, trommer og piano, i lag med eit enkelt refreng, var sterkt nok slik det var. Banks spelte eit elektrisk piano frå Yamaha på sporet, der ein òg nytta stemme-sløyfer laga av bandet, som vart halde «lågt og forsiktig» i den endelege miksen. Banks hadde skrive ein to minuttar lang introduksjon til songen, men hugsa ei usemje med dei andre medlemmane sidan det var nok klaverparti på albumet. Seksjonen vart omarbeidd og nytt som ein del av «From the Undertow», eit spor på det første soloalbumet til Banks, A Curious Feeling (1979).
Teksten til «Ballad of Big» vart skriven av Collins. Introduksjonen inneheld ein skjelven gitareffekt skapt av Rutherford, der han gnei gitarstrengane mot eit metallstykke, og gav det ein «lett austleg lyd». I slutten av sporet duellerer han med sin Roland gitarsynthesiser mot klaveret til Banks. Collins spelte opphavleg inn trommene sine for «Snowbound» langt kjappare, før gruppa valde å spele dei inn langsamare for å passe inn i stilen på songen. Collins og Rutherford skildra det som ein romantisk song, med tekst om ein mann som har på seg eit snømannkostyme for å gøyme seg frå folk, medan han på innsida vert paranoid og ikkje finn vegen ut att. Medan Banks skreiv «Burning Rope» valde han å korte ned songen i staden for å strekkje arrangementa ut i eit lengre stykke. Han ønskte ikkje å gjenta seg sjølv og bli samanlikna med den ti minuttar lange «One for the Vine» frå Wind & Wuthering.Banks, Tony. Reissues Interview 2007 bonus feature. Songen har ein gitarsolo frå Rutherford som han syns var vanskeleg å skape etter Hackett drog, men vart nøgd med det endelege resultatet og kalla soloen den beste han spelte på albumet.
Side to Den opphavlege tittelen på «Deep in the Motherlode» var «Heavy». Rutherford spelte slidegitar, som han først var uerfaren ned og plasserte mellom anna flaskehalsen i feil hand då han skulle prøve det ut første gongen. «Many Too Many» har ein gitarsolo av Rutherford, som var mindre trygg på spelinga si samanlikna med månadane etter albumet kom ut, då han hadde fått øvd meir. Då grunnspora var lagt ned, var gruppa framleis usikre på korleis dei skulle fullføre songen og prøvde fleire arrangement for å fullføre han, mellom anna med strykarar spelt av Banks på ein Moog synthesiser. På eit punkt vurderte dei å bruke eit orkester for sporet, men det hadde dei ikkje gjort før. Banks, som skreiv teksten til songen, hugsa at Collins sleit med å syngje ordet «mama» i refrenget, noko Banks måtte forsikre han om at han kunne syngje. «Scenes from a Night's Dream» er basert på ein barnedraum, og var igjen inspirert av teikneseriefiguren Little Nemo som Collins hadde kjøpt ei bok av til broren. Songen utvikla seg frå ein musikalsk ide frå Banks som skreiv det første tekstutdraget, men han gav opp halvvegs sidan han meinte dei ikkje passa. Bandet valde i staden ein tekst som Collins hadde skrive medan dei miksa albumet i Trident Studios. Dette førte til at songen fekk ein ny melodi og fleire harmoniar.
«Say It's Alright Joe», skriven av Rutherford, er ein sentimental kjærleikssong om ein alkoholikar som druknar sorgene sine. Gitaristen meinte at songen skulle vere ein «fylle-versjon av Dean Martin sin 'set 'em up Joe' alkoholstil'», men tenkte det ikkje kom til å fungere før Banks la til klavera sine og bandet byrja å mikse sporet, då songen «vakna til liv». Introduksjonen til «The Lady Lies» var meint å ha «ei stripparkjensle ved seg. Derfor tittelen». Genesis planla å avslutte albumet med ein «lettare tone» i motsetnad til ein tyngre song, så dei sette «Follow You Follow Me» til slutt, den einaste songen på albumet som vart skriven under øvingane deira og som gjekk gjennom fleire versjonar før gruppa slo seg ned med ein tre minuttar lang song. Hentschel av avvisande til songen, men handsama ein tidleg miks som han presenterte for Atlantic Records, som meinte det var ein potensiell hit for bandet. Songen vart miksa på ny og inkludert på albumet. Teksten var skriven av Rutherford og var inspirert av kona hans. Han sa seinare det var enklaste teksten han hadde skrive, det tok han kring ti minutt.
Utgjeving ...And Then There Were Three... kom ut i Storbritannia den 31. mars 1978 Skriv «And Then There Were Three» i feltet 'Keywords'. Velj 'Title' i feltet 'Search by'. Velj 'Album' i feltet 'By Format'. Klikk 'Search'. og 28. mars i USA på Atlantic Records. Det nådde tredjeplassen på UK Albums Chart og låg inne på lista i 32 veker. På den amerikanske Billboard 200 nådde det 14. plassen. Albumet fortsette å selje og oppnådde gullplate i USA den 31. mai 1978 for 500 000 selde eksemplar. 11. februar 1988 fekk dei platinaplate for ein million selde eksemplar. Albumet vert rekna som det kommersielle gjennombrotet for Genesis, sidan dei klarte å trekkje til seg store nok publikum til at turneen gjekk i pluss, noko dei ikkje hadde klart tidlegare.
Genesis gav ut to singlar frå ...And Then There Were Three.... Den første singelen, «Follow You Follow Me», vart den største hitten deira til då og nådde sjuandeplassen på singellista i Storbritannia.
Nyutgjevingar