«No Son of Mine» er ein song av det britiske rockebandet Genesis frå albumet deira We Can't Dance i 1991. Det vart den første singelen som vart gjeven ut frå albumet og nådde sjetteplassen i UK og 12. plass i USA. I tillegg nådde han Topp 10 i mange europeiske land, mellom anna ein fjerdeplass i Noreg.

Tekst og musikk Songen fortel soga om ein gut som rømmer heimefrå på grunn av mishandling i heimen, men vel å kome heim att og blir då kraftig irettesett av faren. Phil Collins har sagt at han skreiv teksten slik at det skulle vere uklårt om det var forteljaren eller mora som var offer for mishandlinga.

Videoen for songen er melankolsk og filma i sepiafarge. Videoen syner i røynda det teksten fortel, som er ein samtale mellom ein son og faren. Etter kvart ser ein snøflak som fyk vilt inne i huset, før ein etter kvart for sjå at heile scenen finn stad i ei snøkule som sonen held.

Songen har ein særeigen lyd i introduksjonen og andre stader i songen. Denne lyden vart av bandet kalla «elephantus» og vart skapt av Tony Banks då han tok opp lyden av gitaren til Mike Rutherford med ein sampler og så spelte av lyden i eit mykje lågare register. Arbeidstittelen på «No Son of Mine» var «Elephantus».

Den kortare radioversjonen tonar ut songen i avslutninga, i tillegg til at delar av det andre refrenget er korta ned.

B-sida til singelen var «Living Forever» frå albumet.

Konsertversjonar Songen vart spelt under alle turneane til bandet frå 1991 til 2007. Songen vart på Calling All Stations-turneen nytta som opningsnummer på dei fleste konsertane.

Konsertopptak av songen finst på albuma The Way We Walk, Volume One: The Shorts og Live Over Europe 2007, og på DVD-ane The Way We Walk - Live in Concert og When in Rome 2007.

Songaren som tok over etter Phil Collins i Genesis, Ray Wilson, heldt fram å spele songen solo etter at han slutta i Genesis, men då akustisk.

Innhald

CD maxi «No Son of Mine» — 6:42 «Living Forever» — 5:40 «Invisible Touch» (live) — 5:00

7" single «No Son of Mine» — 6:36 «Living Forever» (5:38)

Kassett «No Son of Mine» — 6:36 «Living Forever» — 5:38

12" maxi «No Son of Mine» — 6:42 «Living Forever» — 5:40 «Invisible Touch» (live) — 5:00

Medverkande Phil Collins - trommer, perkusjon, solovokal Tony Banks - klaverinstrument, korvokal Mike Rutherford - gitar, bassgitar, korvokal

Salslister

Vekeslister Liste (1991–1992)PlasseringDanmark (IFPI)4Finland (Suomen virallinen lista)20Polen (LP3)4US Billboard Hot 100Billboard [ Allmusic.com] . Henta 3. september 2008.12US Billboard Hot Adult Contemporary Tracks8US Billboard Hot Mainstream Rock Tracks3Zimbabwe (ZIMA)* Zimbabwe. Kimberley, C. Zimbabwe: singles chart book. Harare: C. Kimberley, 200011

Årslister Liste (1991)PlasseringCanada Top Singles (RPM)50Nederland (Nederlandsk Topp 40)93 Liste (1992)PlasseringCanada Top Singles (RPM)64Canada Adult Contemporary (RPM)50Tyskland (Official German Charts)28US Billboard Hot 10068

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «No Son of Mine» frå , den 21. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1991 Kategori:Singlar frå 1991 Kategori:Genesis-songar Kategori:Songar skrivne av Tony Banks Kategori:Songar skrivne av Phil Collins Kategori:Songar skrivne av Mike Rutherford Kategori:Songar om barnemishandling Kategori:Rockeballadar Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:90-talsballadar Kategori:Atlantic Records-singlar Kategori:Virgin Records-singlar