Michigan er ein delstat i regionane Great Lakes og Midtvesten i Sambandsstatane (USA). Delstaten grensar mot Canada i nord og aust og omfattar halvøya mellom Lake Superior og Michigansjøen og halvøya mellom Michigansjøen, Huronsjøen og Eriesjøen.
Namnet Michigan har opphav i Ojibwe-ordet mishigamaa, som tyder «stort vatn» eller «stor innsjø». Staten har eit folketal på i underkant av ti millionar, og er den tiande mest folkerike av dei 50 delstatane i USA. Han er den største delstaten i areal aust for Mississippielva. Hovudstaden i Michigan er Lansing, medan den største byen er Detroit.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell statleg nettstad
Kategori:Delstatar i USA