mini|Album-logoen All We Know Is Falling er debutalbumet til det amerikanske rockebandet Paramore. Albumet blei utgjeve i USA den 26. juli 2005, og 24. april 2006 i Storbritannia. Det blei spelt inn på berre tre veker. I september 2005 kom det ut ein japansk spesialversjon av albumet, som inneheldt ein ekstrasong; «Oh, Star». Bassisten i Paramore, Jeremy Davis, speler berre bass på songen «Here We Go Again».

Per juli 2010 hadde albumet selt til saman rundt 528 000 eksemplar i USA, men før Riot! kom ut, hadde albumet berre selt 50 000 eksemplar. 26. mai 2009 kom det ut ei deluxeutgåve av albumet utgitt eksklusivt på iTunes med to live-låtar og tre musikkvideoar. Sporliste «All We Know» – 3:13 «Pressure» – 3:05 «Emergency» – 4:00 «Brighter» – 3:43 «Here We Go Again» – 3:46 «Never Let This Go» – 3:40 «Whoa» – 3:21 «Conspiracy» – 3:42 «Franklin» – 3:18 «My Heart» – 3:59 Japansk bonusspor «Oh, Star» – 3:50

Personell Hayley Williams – Vokal Josh Farro – Gitar, vokal Zac Farro – Trommer Jeremy Davis – Bassgitar Jason Bynum – Rytmegitar (slutta i bandet i 2005.)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «All We Know Is Falling» frå , og «All We Know Is Falling» frå den 12. oktober 2013.

Kategori:Debutalbum frå 2005 Kategori:Paramore-album Kategori:Rockealbum Kategori:Musikkalbum frå 2005