mini|Gresk tekst med digrafar utheva. Dei var tidlegare diftongar, men blir no uttalte som monoftongar.
Monoftongering, også kalla «diftongforenkling», er eit lingvistisk fenomen for vokallydar der diftongar går over til monoftongar i visse høve. Nokre døme er /ei/ til /e/ (som «stein» til «sten») eller /øy/ til /ø/ (som «øyre» til «øre») på norsk.
Norsk På norsk har fenomenet tyngdepunkt i Nord-Østerdal og langs svenskegrensa på Austlandet, det vil seia at fenomenet er spreidd utover dette området men ikkje gjelde like sterkt overalt.Sonekart for diftongering, hiof.no
Det vanlegaste er at ord som stein blir til sten og at aust blir til 'øst'. Meir drastiske døme er at ord som nei blir til næ eller at veit blir til væt (eller den svært utbreidde vet).
Engelsk
Nokre dialektar av engelsk er prega av monoftongering. På skotsk engelsk kan til dømes , som i pay, omdannast til monoftongen [e]. I USA opptrer fenomenet særleg i sørstatsengelsk og i afrikansk-amerikansk daglegtale, som monoftongering er ein av dei viktigaste markørane for. I begge desse formene pleier ein til dømes å uttala diftongen som i eye som ein lang monoftong, [äː].
I Received Pronunciation finst ein prosess kalla smoothing der ein diftong følgd av schwa (eller moglegvis trykksvak /ɪ/) går gjennom ei rekke forenklande endringa.
Fyrst kan ein diftong endra seg til ein monoftong ved at den andre delen forsvinn og den første blir noko forlenga: . Vokalane og , som vanlegvis blir uttalt noko diftongisk (nær ), kan gå gjennom den same endringa og bli realisert som .
Deretter kan den påfølgjande schwa-lyden slutta å danna si eiga staving og i staden danna ein ny diftong med den føregåande monoftongen. I nokre høve kan så denne diftongen monoftongerast att. Dermed kan dei opphavlege rekkjene og enda opp som lydane og . Eit ord som our, med standarduttale , blir ofte uttalt som (to stavingar eller ein diftong), eller som ein monoftong . Ordet fire kan også reduserast til eller .Wells, J.C., Accents of English, CUP 1982, s. 238ff.
Historiske døme Gresk har gått gjennom monoftongering fleire gonger i historia. Til dømes blei diftongane monoftongert til rundt 400-talet f.Kr., og diftongen blei monoftongert til i koinegresk-perioden. Dermed blir ordet for 'og', και (kai) uttalt /ke:/ og 'kvar', ὅπου (opou) uttalt /ˈo.pu/.
På tysk har den såkalla frühneuhochdeutsche Monophthongierung vore særleg viktig for dagens standardspråk.Waterman, J.T., A history of the German language, 1966. Denne monoftongeringa endra diftongane ie [iə], uo [uə] og üe [yə] til høvesvis ie [iː], u [uː] og ü [yː]:
+ DømeFør 1000-talet I dag liebe [iə] liebe [iː] [uə] gute [uː]brüeder [yə] Brüder [yː]
Ein har halde på digrafen «ie» i skrift sjølv om ein uttaler han som ein monoftong.
Monoftongeringa i høgtysk byrja i sentrum av det tyskspråklege området på 1000-talet. Bairiske og alemanniske dialektar i sør gjekk ikkje gjennom denne monoftongeringa, og desse språkformene har dermed halde på dei eldre formene.
Fransk har gått gjennom ei monoftongering som gjer at digrafen , som i ordet faire, tidlegare stod for ein diftong men no representer lydane eller . Gjennom den same prossessen har digrafen og trigrafen , som i pauvre og beau, kome til å representera monoftongen .
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Monoftongering» frå , den 25. mai 2021. Delar av denne artikkelen bygger på «Monophthongization» frå , den 25. mai 2021.
Kategori:Vokalar Kategori:Lydendringar