Alsu Ralifovna Abramova (), òg kjend som Alsou, er ein tatarisk vokalist og skodespelar frå Russland som framfører melodiar på russisk, tatarisk og engelsk.Discogs: Alsou. Besøkt 15. oktober 2012.

I Noreg og Europa vart Alsou kjend då ho representerte Russland i Eurovision Song Contest 2000 med songen «Solo». Songen enda på andreplass, bak danske Olsen Brothers og «Fly on the Wings of Love». I 2009 var Alsou ein av to programleiarar då Eurovision Song Contest vart arrangert i Moskva.The Diggiloo Trush

Alsou er dottera til Ralif Safin som var visepresident i LUKoil, tidlegare senator i republikken Altaj og medlem av Det russiske føderasjonsrådet.Den russiske nettstaden Persona: Celebrities: Safin Ralif Rafilovic. Besøkt 15. oktober 2012 (engelsk).Pravda på engelsk. Artikkel 18.11.2004: Russian ogliarchs' children.... Besøkt 15. oktober 2012 (engelsk).Ourcampaingns.com Safin, Ralif. Besøkt 15. oktober 2012 (engelsk). Ho spelte piano som barn og gjorde seg merka for songtalentet sitt allereie i tiårsalderen. I mars 2006 gifta Alsou seg med den russisk-jødiske musikaren Yan Abramov.Russianblog.org The Mother of All Mafia Weddings . Besøkt 15. oktober 2012 (engelsk).

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Alsou» frå , den 18. november 2021.

Kategori:Russiske songarar Kategori:Russiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2000-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest-programleiarar