«Break a Broken Heart» (norsk omsetjing ‘knus(e) eit knust hjarte’) er ein popsong frå 2023 med den australsk-kypriotiske songaren Andrew Lambrou. Låten var det kypriotiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.
Om songen «Break a Broken Heart» blei komponert av det svensk-danske låtskrivarteamet Jimmy Jansson, Jimmy «Joker» Thornfeldt, Marcus Winther-John og Thomas Stengaard. Songen er ein popballade om «forhold som endar med eit knust hjarte, men som får oss til å stå opp att frå oska, sterkare enn nokon gong».
Låten blei internt vald av den kypriotiske kringkastaren RIK til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2023. I oktober 2022 kunngjorde RIK at han hadde vald den australsk-kypriotiske songeren Andrew Lambrou til å representere landet. Låten «Break a Broken Heart» blei offentleggjord 2. mars 2023, og ein musikkvideo til låten blei sloppen same dag.
Kypros deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der blei «Break a Broken Heart» nummer sju og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai. I finalen fekk Kypros 126 poeng og enda på tolveplass.
Listeplasseringar + Liste (2023) Høgasteplassering Australia (ARIA) 29 Hellas (IFPI) 60 Island (Plötutíðindi) 21 Litauen (AGATA) 26 Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan) 6 Tyskland (GfK Entertainment) 28
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Break a Broken Heart» frå , den 5. desember 2023.
Kategori:Kypriotiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar