Revsnes ferjekai var eit ferjeanlegg på Revsnes, midtvegs langs fjorden mellom Lærdalsøyri og Frønningen i Lærdal kommune i Vestland, og inngjekk i dåverande Europaveg 68 med ferjesambandet Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen.

Kaianlegget og den 14 kilometer lange vegen hit frå Lærdalsøyri vart bygd for å korte ned overfartstida til Kaupanger og dåverande E68 Gudvangen. Med dette vart sambanda lagde opp på nytt og Revsnes tok over trafikken frå Lærdal ferjekai (Habben) for alle samband frå 1966. Likevel måtte Habben brukast titt og ofte i etterkant då den nye vegen til Revsnes var svært rasutsett og vegen vart stengd mange gonger.

I 1995 opna ny Riksveg 5 mellom Kaupanger og Lærdal, og med dette Fodnestunnelen til Fodnes ferjekai og det nye ferjesambandet Mannheller-Fodnes. Med dette vart Revsnes ferjekai lagd ned, medan Habben nok ein gong vart nytta av stamvegferja til Gudvangen for å ta unna europavegtrafikken fram til opninga av Lærdalstunnelen i 2000.

I dag er vegen mellom Vindedal og Revsnes klassifisert som privat veg, men må reknast som rasfarleg og uframkomeleg. Revsnes ferjekai er framleis intakt, men ferjelemmane er borte.

Liste over samband med stopp på Revsnes ferjekai: 1966-1995: Revsnes-Kaupanger 1966-1993: Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen 1966-1995: Kaupanger-Revsnes-Gudvangen

Kjelder

Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland Kristin Ese: «Stamvegen - riksveg 5 - mellom Lærdal og Sogndal» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland

Kategori:Tidlegare del av Europaveg 16 Kategori:Geografi i Lærdal Kategori:Samferdsle i Lærdal Kategori:Tidlegare ferjeleie i Vestland