Lærdal-Gudvangen var eit ferjesamband mellom Habben ved Lærdalsøyri i Lærdal kommune og Gudvangen ferjekai i Aurland kommune, og tok til i 1939 med den nyinnkjøpte MF «Lærdal» (1939). Ferja var Fylkesbaatane si fyrste skikkelege bilferje med svingskive på dekk for å snu bilane.
I 1946 vart Kaupanger ferjekai lagt til ruta. Strekninga vart seinare del av dåverande Europaveg 68 mellom Lærdal og Gudvangen. Overfarten tok om lag 2 timar gjennom Lærdalsfjorden og Nærøyfjorden.
I 1966 vart dåverande E68 forlenga frå Lærdalsøyri til ny Revsnes ferjekai 14 kilometer nordvestover langs Sognefjorden for å korte ned overfartstida til Kaupanger og dåverande E68 Gudvangen, og denne erstatta ferjekaia på Lærdalsøyri. Med dette vart sambanda lagde opp på nytt, og Lærdal-Kaupanger-Gudvangen vart erstatta av Kaupanger-Revsnes-Gudvangen og Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen. Likevel måtte Lærdal ferjekai brukast titt og ofte i etterkant då den nye vegen til Revsnes var svært rasutsett og vegen vart stengd mange gonger. Difor vart Revsnes ferjekai og vegen dit stengt umiddelbart i 1995 etter opninga av det nye riksvegsambandet Mannheller-Fodnes mellom Lærdal og Kaupanger, og det gamle sambandet Lærdal-Kaupanger-Gudvangen med lengre overfartstid vart sett i drift att som ei mellombels løysing.
Fem år etterpå, i år 2000, opna Lærdalstunnelen. Med dette vart Europaveg 68, som no hadde nemninga Europaveg 16, ferjefri gjennom Indre Sogn. Sidan er sambandet operert i privat regi i samarbeid reiselivsnæringa, medan Kaupanger-Frønningen er skild ut som eiga offentleg fylkesvegsamband.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland Kristin Ese: «Stamvegen - riksveg 5 - mellom Lærdal og Sogndal» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
Kategori:Tidlegare del av Europaveg 16 Kategori:Tidlegare ferjesamband i Vestland Kategori:Samferdsle i Sogndal Kategori:Samferdsle i Aurland Kategori:Samferdsle i Lærdal Kategori:Skipingar i 1939 Kategori:Nedleggingar i 1966 Kategori:Skipingar i 1995 Kategori:Nedleggingar i 2000