Sara Iren Lindbak Hørte () er ein norsk fotballspelar som spelar for Vålerenga.
Klubbkarriere Tidleg karriere Hørte spelte for KFUM Oslo i 4. divisjon, før ho gjekk til i 2016. Ho debuterte for A-laget til Øvrevoll-Hosle i 1. divisjon i 2017.
Kolbotn (2019–2022) Før 2019-sesongen signerte Hørte for Kolbotn. Ho debuterte i Toppserien mot Sandviken i april 2019.
Våren 2022 vart det kjent at Hørte var ønska av ei rekkje toppklubbar både i Noreg og utlandet. Blant anna Vålerenga, og engelske var blant klubbane som ønskte å hente ho. I starten av august 2022 stadfesta Kolbotn at dei hadde godtatt fleire bod på Hørte, og at det til slutt stod mellom Rosenborg og Vålerenga.
Rosenborg (2022–2024) I august 2022 vart det kjent at Hørte hadde signert ein toårskontrakt med Rosenborg. I 2023 vart ho cupmeister med klubben.
I juni 2024 vart det kjent at Hørte skal ha takka nei til å forlenge kontrakten med Rosenborg, og kom til å forlate klubben når kontrakten gjekk ut i juli same år.
Vålerenga (2024–) I juli 2024 vart det kjent at Hørte hadde signert ein toårskontrakt med Vålerenga. I sin fyrste sesong med Vålerenga i 2024 var ho med å vinne både serien og cupen, i tillegg til å ta klubben til gruppespel i for første gang. Ho skåra det avgjerande målet i cupfinalen mot sin tidlegare klubb Rosenborg.
Landslagskarriere Hørte har landskampar for , og det norske A-landslaget.
I 2019 var Hørte i den norske troppen til .
Hørte vart tatt ut på det norske A-landslaget for fyrste gang i august 2022. Ho debuterte og skåra sitt fyrste mål i VM-kvalifiseringskampen heime mot , den 6. september 2022.
Hørte var med i sin fyrste meisterskapstropp med A-landslaget til VM i Australia og New Zealand i 2023.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sara Hørte» frå , den 1. juli 2025.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:KFUM Oslo-spelarar Kategori:Rosenborg-spelarar Kategori:Vålerenga-spelarar Kategori:Øvrevoll Hosle-spelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Oslo