Thomas Roseingrave () var ein engelsk-irsk komponist og organist.

Liv og virke Thomas Roseingrave var fødd i Winchester, der faren hans Daniel Roseingrave var organist ved domkyrkja. Han voks opp i Dublin, der faren verka som organist ved både St Patrick's Cathedral og Christ Church Cathedral. Den fyrste musikkundervisinga si fekk Thomas Roseingrave frå faren.

Roseingrave studerte ved Trinity College i Dublin frå 1707, då han var 16, men fullførte ikkje studiane. Takka vere økonomisk hjelp frå leiarskapen ved St Patrick's Cathedral reiste han på studietur til Italia i 1709. Her møtte han Domenico Scarlatti i Venezia, og følgde han på reiser til Napoli og Roma. Roseingrave var mektig imponert over Scalatti sine evner på cembalo, og mykje seinare i livet gav han ut Scarlatti sine cembalosonatar, noko som førte til ein sann scarlattifeber i England.

Rundt 1714 vendte Roseingrave tilbake til England og fekk ein strålande karriere som organist og komponist. Han oppparbeidde seg eit stort rykte for improvisasjonskunsten sin, særleg med etterlikningar av fuglar. Ifølge den samtidige musikkhistorikaren Charles Burney kunne han òg spela den vanskelegaste musikken rett frå bladet.

Karrieren til Roseingrave var på høgda i 1730-åra, men han fekk psykiske problem og vanskjøtta etterkvart pliktene sine. Til slutt vendte han tilbake til Dublin, der han i 1753 iscenesette det siste verket sitt, operaen Phaedra and Hippolitus. Han er gravlagd i familiegrava ved St Patrick's Cathedral i Dublin.

Musikk Roseingrave sine komposisjonar for klaviaturinstrumen blir rekna som hans beste. Dei er overraskande lite påverka av komponistar frå det europeiske fastlandet, sjølv om det enkelte stader i cembaloverka kan sporast påverknad frå Domenico Scarlatti. Orgelverka står derimot nærare den engelske tradisjonen etter Purcell og Blow. Til tider viser dei ein heftig kromatikk med mykje dissonans og ei irregulær form og frasering, noko som hinter om at verka kan vera inspirerte av dei improviserte framføringane han var så kjend for. Han skreiv òg fløytesoloar og italienske kantatar.

På 1700-talet hadde dei fleste engelske komponistane teke i bruk ein italiensk, händelaktig rokokkostil. Med smak for denne lette og ukompliserte musikken avfeia det engelske musikkpublikumet snart Roseingrav ein røffe harmonikk og uhemma moduleringar som intellektuell og gammalmodig.

Verk i utval

Anthems 24 kantater i to samlinger 12 Soli for fløyte og b.c.. Eight Suits of Lessons for the Harpsichord or Spinnet (1725) Voluntaries and Fugues (1728) 6 dobbeltfuger for orgel eller cemabalo 3 Minuets for fiolin og b.c.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Thomas Roseingrave» frå , den 10. januar 2026.

Litteratur

Constant Lambert: «Thomas Roseingrave», i Proceedings of the Musical Association, bind 58 nr. 1 (1931), s. 67–83. Stanley Sadie (red.): The New Grove Dictionary of Music & Musicians (London: Macmillan, 1980). William H. Grindle: Irish Cathedral Music (Belfast: Institute of Irish Studies, 1989). Peter Holman: «Purcell and Roseingrave: A New Autograph», i Curtis Price (red.): Purcell Studies (Cambridge: C.U.P., 1995). Kerry Houston: «Roseingrave family», i H. White & B. Boydell: The Encyclopaedia of Music in Ireland (Dublin: UCD Press, 2013).

Kategori:Organistar Kategori:Irske komponistar Kategori:Engelske komponistar Kategori:Barokkomponistar Kategori:Komponistar frå 1700-talet