René Orlando Houseman () var ein argentinsk fotballspelar frå La Banda som vart verdsmeister med Argentina sitt landslag i Fotball-VM 1978. Han var ein uvanleg dribleflink høgreveng.

Karriere Klubbspel Houseman var aktiv i Defensores de Belgrano til 1973. Deretter gjorde han i sju år teneste for CA Huracán, der han i sin fyrste sesong var med å vinne metropolitano-meisterskapen. Åra 1981-83 spelte han ein sesong kvar i River Plate, chilenske Colo-Colo og sørafrikanske AmaZulu Durban. Chilensk meister med Colo-Colo.

Landslagsspel Houseman deltok i VM i fotball 1974 i Vest-Tyskland, der han spelte alle Argentinas seks kampar og skåra tre mål. Fire år seinare skåra han eitt mål under Fotball-VM 1978 heime i Argentina, innbytar i VM-finalen. Houseman var landslagsspelar 1973-79, gjennom 53 landskampar skåra han 13 mål.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «René Houseman» frå , den 12. januar 2026.

Kategori:Argentinske fotballspelarar